Tilskot til etablering og utvikling av kommunale frisklivs-, lærings- og meistringstilbod - AVVIKLA

Tilskotet til frisklivs-, lærings- og meistringstilbud er avvikla i Statsbudsjettet for 2026 og midlane vert innlemma i rammetilskotet til kommunane.

 

Frisklivssentralar/kommunar som har fått tilskot i 2025 skal rapportere som vanleg. Sjå lenke til rapporteringsskjema til høgre på sida.

Forvaltningslova ligg til grunn for all søknadshandsaming i Vestland fylkeskommune.

Alle søknader er i utgangspunktet offentleg tilgjengelege, jf. Forvaltningslova (Fvl.). Unnatakgjeld personopplysningar. Desse vert unnateke offentlegheita jf. Fvl. §13. I særlege tilfelle kan utsett offentlegheit vurderast etter Fvl.

Avdeling for Kultur og folkehelse førebur søknadane for politisk handsaming og vedtak i Hovudutval for kultur, idrett og inkludering. Handsaming av kvar søknad er eit einskildvedtak, og innstilling skal grunngjevast i saksframlegget. Vedtak som fråvik frå
fylkesdirektør si innstilling skal også grunngjevast.

Søknadene skal i hovudsak vere handsama innan tre månader etter søknadsfrist.

Vilkår og retningslinjer for gjennomføring av tiltak går fram av tildelingsbrev, og følger det nasjonale regelverket knytt til kapittel 6: Rapportering fra tilskuddsmottaker skal inneholde. Tilskotet må brukast i samsvar med planlagde aktivitetar på den måten og i det tidsrom som går fram av søknaden. Eventuelle vesentlege endringar i prosjektet må meldast skriftleg til fylkeskommunen for vurdering og godkjenning.

Krav til rapportering blir sendt ut saman med eventuelt vedtak om støtte. Tilskotsmottakar pliktar seg til å dele erfaringar med andre aktørar i ulike samanhengar. Fylkeskommunen og fylket sin revisor skal ha høve til å setje i verk kontroll med at midlar vert forvalta som
føresett. Fylkeskommunen og fylket sin revisor skal ha rett til dei dokument og opplysningar ein finn påkravd for kontroll.

Part eller andre med rettsleg klageinteresse kan klage på vedtaket innan ein frist på tre – 3– veker. Fristen vart rekna frå den dagen søkjar fekk melding om vedtaket.

Ei eventuell klage må innehalde opplysningar om kva vedtak det vert klaga over, årsaka til klage og kva endringar ein meiner bør gjerast. Klage kan sendast til Vestland fylkeskommune.