Postliste og innsyn
Sjå offentlege dokument, postjournalar, søk innsyn eller sjå eigen tannhelsejournal.
Vestland fylkeskommune har valt å gjere sin elektroniske journal, postlista, tilgjengeleg for alle.
18. august:
Vi har for tida tekniske utfordringar med mottak av innsynskrav via einnsyn.no. Handsamingstida kan difor vere noko lenger enn vanleg. Vi beklagar dette.
Kvar finn du postlista?
Postlista er levert av Digitaliseringsdepartementet sin innsynsløysing eInnsyn.no.
Kven kan be om innsyn?
Alle kan be om innsyn i saker og dokumenter.
Kva kan du få innsyn i?
Alle har rett til innsyn i forvaltninga sine offentlege dokument og postjournalar.
NB! Grunna overgang til ny innsynsløysning, og fram til vi får fulltekstpublisering, må du sjølv bestille innsyn i alle dokument. Når du klikkar bestill, legg dei seg i handlekurven øvst på sida. Du kan logge inn for å bestille innsynet, eller bestille som gjest.
Kva gir ikkje fylkeskommunen innsyn i?
Vestland fylkeskommune har plikt å nekte innsyn i dokument som er omfatta av teieplikta. Desse vil ikkje vera synlege på postlista.
Elevmapper og personaldokumentasjon som ikkje direkte er omfatta av teieplikta vil ikkje kome på postlista for at ein ikkje skal samstille opplysningar om enkelpersonar, dette kan føre til brot på teieplikta.
Dokument om TT-ordning, skuleskyss, varslingsarkiv, tannhelsearkiv, klientarkiv og § 9a aktivitetsplikt blir heller ikkje publisert.
Vi kan gjere unntak i innsyn i organinterne dokument som er utarbeidd for eiga saksførebuing.
Bestill innsyn
Om du skulle få avslag på innsynet skal dette skal grunngiast med ein lovheimel. Du kan også søke meirinnsyn. Det betyr at sensitivt innhald vil bli skjerma, og ein kan vurdere om dokumentet eller informasjon kan offentleggjerast.
Når du bestiller innsyn på eInnsyn.no kan du legge fleire innsyn i handlekurven før du bestiller.
Postlista blir normalt publisert to dagar etter postregistrering.
Skal du søke innsyn i dokument som ikkje er publisert på postlista kan du senda ein førespurnad til dokumentsenter@vlfk.no.
Søk innsyn i din eigen tannhelsejournal
Slik søker du innsyn i journal frå tannhelsetenesta
Lover og forskifter