Nyskapande aktivitetsanlegg

Vestland fylkeskommune vil stimulere til å utvikle og bygge enkle, lokale møteplassar med varierte og attraktive lågterskeltilbod for fysisk aktivitet. Desse skal vere nyskapande i funksjon, organisering og aktivitetar.

Bilete av barn som leikar på ramper og nett mellom tre, som i ein park.
Foto: Lokale og Anlægsfonden

Prosjektet Nyskapande aktivitetsanlegg tek utgangspunkt i lokalmiljøa sine behov innan idrett og fysisk aktivitet, basert på medverknad, eit breitt kunnskapsgrunnlag og berekraftige løysingar. Anlegga skal bygge på arkitektur av høg standard og bli naturlege samlingsstadar i lokalsamfunnet.

Mange kommunar har vist stor interesse for denne måten å jobbe på. Gjennom prosjektet håpar vi å auke kompetansen både i fylkeskommunen, kommunane, idretten og blant ulike arkitektkontor. 

Plankart som illustrasjon

Eitt mål er å utvikle modellanlegg for uteområde ved skular. Eitt anna er å påverke ny politikk og innretting av statlege, fylkeskommunale og kommunale verkemiddel til anleggsutvikling. Fylkeskommunen skal samarbeide med Vestland idrettskrets, danske Lokale og Anlægsfonden (LOA), Tverga og andre aktørar.

I 2020 har vi jobba med fire pilotprosjekt knytt til uteområde ved skular. I hovudprosjektet, som strekker seg frå 2021 til 2023, kan alle kommunar og vidaregåande skular i Vestland fylke søke om å delta. Det er rigga som ei søknadsbasert ordning som er knytt til høvesvis skuleområde i 2021 og idretts- og aktivitetshallar i 2022.  

Kommunar og vidaregåande skular i Vestland fylke har søkt tilskot til prosjektering og planlegging av gode og nyskapande aktivitetsanlegg, knytt til uteområde ved ein skule. Inntil åtte kommunar eller prosjekt blir valde ut. Dei utvalde prosjekta får tilbod om oppfølging og rettleiing frå Vestland fylkeskommune og Lokale og Anlægsfonden. 

Inntil fire av desse blir deretter valde ut vidare og får tilgang til arkitektfagleg prosesskompetanse.

Les meir i prosjektskissa.

Vi hadde ein erfaringskonferanse 12. mars som oppsummerte pilotprosjekta. Her får de høyre konkret om korleis kommunane har jobba med dette.

 

Vidare hadde vi eit oppfølgingswebinar 30. april som hadde fokus på kunnskapsgrunnlag. Her hadde vi fleire spanande føredragshaldarar og mykje godt grunnlag som kan vere relevant for alle som skal i gang med tilsvarande prosessar.

Begge desse webinara ligg i opptak og kan framleis sjåast (lenke). 

Vestland fylkeskommune får to millionar kroner frå Agenda Vestlandet til prosjektet Nyskapande aktivitetsanlegg. Pengane skal delast likt på dei fire pilotprosjekta som har vore med sidan 2020.

Stian Davies er leiar for hovudutval for kultur, idrett og integrering er glad for gåva og deltok på overrekkinga i Fusa 2. juni 2021.

– Dette er eit viktig prosjekt for fylket, og vi set enormt stor pris på gåva frå Agenda Vestlandet. Prosjektet går ut på å tenkje nytt om korleis vi skaper lokale møteplassar med varierte og attraktive lågterskeltilbod for fysisk aktivitet. Det handlar om å skape gode lokalsamfunn med plass til alle, og vi er glade for at Agenda Vestlandet støttar dette, seier han.

Agenda Vestlandet er ei stifting under Sparebanken Vest.

Lenke til nyheitssak.