Spelemidlar til ordinære idretts- og friluftsanlegg
Fylkeskommunen forvaltar og fordeler spelemidlar til anlegg for idrett, friluftsliv og fysisk aktivitet i Vestland fylke. Midlane kjem frå overskotet til Norsk Tipping og blir administrerte av Kulturdepartementet. Søknadsfristen er 15. januar.
Kven kan søke?
Dei som kan søkje om spelemidlar er hovudsakleg kommunar, idrettslag og enkelte friluftslivsorganisasjonar. Andre lag og organisasjonar kan også bli godkjende søkarar avhengig av laget sine vedtekter.
Søknadsfrist
Søknadsfrist for kommunane er 15. januar. Kommunane har også ulike fristar for innsending for frivillig sektor. Kontakt din kommune for informasjon om lokal frist.
Kva kan du søke om?
Du kan søkje om tilskot til etablering og rehabilitering av mange ulike typar idrettsanlegg, anlegg for friluftsliv og anlegg for eigenorganisert fysisk aktivitet. Søknadsordninga er delt inn i to hovudgrupper, ordinære anlegg, som er vanlege idrettsanlegg, og nærmiljøanlegg, som er mindre anlegg for eigenorganisert fysisk aktivitet.
Korleis søker du?
Du søker via www.anleggsregisteret.no. Søknaden vert først behandla av kommunen, som vidaresender den til fylkeskommunen.
Relevant dokumentasjon
Rapportering og utbetaling
For å få utbetalt tildelt beløp, må du sende inn oppmoding om utbetaling via kommunen. Dersom arbeidet med anlegget er i gang, kan du få utbetalt 75 prosent av tilskotet som ei delutbetaling. Dei resterande 25% blir utbetalte når anlegget er ferdig og ein har levert revidert rekneskap og ferdigattest.
Når anlegget er ferdig, og du ynskjer å få utbetalt heile tilskotsbeløpet må du levere inn revidert rekneskap. Det skal førast i eit standardisert skjema.