Tilskot til mentor- og traineeordningar for innvandrarar

Målet med tilskotsordninga er betre inkludering av fagutdanna og høgt kvalifiserte innvandrarar i arbeidslivet, slik at dei kan bruke kvalifikasjonane sine.

Ein mentor-trainee-relasjon omfattar i hovudsak to personar: mentoren og den som skal få tilgang til mentoren sine erfaringar og kompetanse. Trainee har ulik nemning i ulike tradisjonar innan mentoring. Dette kan vera adept, deltakar, talent m.m.

Verksemder i privat eller offentleg sektor kan nytta tilskotsordninga til å etablere og gjennomføre eit mentor- og traineeprogram som styrkjer mangfaldet i bedrifta, slik at dei blir tilført ny kompetanse og nye erfaringar.

Fristen for å søkje tilskot er 15. september 2023. Målet er å gjere vedtak om tildeling i hovudutval for kultur, idrett og integrering i april 2023.

Vestland fylkeskommune har 1 020 000 kr til ordninga i 2023. I 2022 fekk fire prosjekt tildelt mellom 180 000 og 400 000 kr.

Kven kan søke?

  • Kommunar/kommunale verksemder
  • Verksemder og organisasjonar i private sektor
  • Frivillige organisasjonar som er registrerte i Frivilligheitsregisteret

Søknad om tilskot kan sendast frå ei verksemd eller i samarbeid med fleire.

Kva kan du få støtte til?

Du kan få støtte til etablering og gjennomføring av mentor- og traineeprosjekt med aktivitetar og tiltak, og nødvendig administrasjon av desse, inkludert prosjektleiing/medarbeidarar.

Krav til eigenfinansiering

Søkjaren må bidra med eigenfinansiering i form av stillingsressursarar, lokalitetar og eller andre driftskostnader. Desse må reknast om til kronebeløp i søknaden. Eventuell medfinansiering frå andre aktørar blir vurdert som positivt.

Søknaden skal innehalde føremål for og presentasjon av prosjektet eller tiltaket, korleis arbeidet er planlagt gjennomført og budsjett.

Søknaden må såleis innhalde

  • ein prosjektplan som inneheld
    • ein strategi for å rekruttera mentorer og trainee
    • milepålar
    • dokumenterte resultat frå tidlegare mentor- og trainneordning
  • budsjett med eigenfinansiering og eventuelt andre finansieringskjelder
  • omtale av hovudaktivitetane til verksemda og korleis mentor- og traineeordninga skal implementerast
  • kompetanse hos søkjar for å gjennomføre prosjektet/tiltaket
  • tydeleggjere korleis resultata skal evaluerast, både kvalitativt og kvantitativt

Søknaden skal underteiknast av leiar eller generalsekretær for verksemda/organisasjonen.

I vurderinga av søknadene legg vi særleg vekt på gjennomføringsevne, inkludert tidlegare erfaring og resultat, samt samarbeid med andre. Søkjaren må synleggjera at ordninga ein søkjer støtte til i 2021, vil bli gjennomført i kalenderåret, og i kva grad ordninga har eit lengre tidsperspektiv og eventuelt er del av eit langsiktig utviklingsarbeid.

Vurderinga skjer på grunnlag av og i kva grad tiltaket kan bidra til å nå måla for ordninga, og i kva grad ein kan nå målgruppene for tilskotsordninga.

Søknader frå organisasjonar som sikrar deltaking av kvinnelege kandidatar vert prioritert .

Søknader frå organisasjonar som har eit klart mål om klimaendringar vil bli prioriterte. Med den strategien vil tilskotsordninga ha ein positiv effekt på klimaendringar.

Storleik og omfang treng ikkje vere avgjerande. Fagleg kvalitet og særleg grad av nyskaping m.m. kan ligge til grunn for at eit tiltak vert vurdert positivt.

Vi tilrår at søkjarar førehand gjer seg kjende med følgjande faglitteratur og at prosjektsøknader bygger på dette:

Budsjett for prosjektet skal innehalde

  • finansieringskjelder for prosjektet
  • eigenandel
  • eventuelle søknader (sum) til andre offentlege myndigheiter
  • eventuelt andre

Søkjar skal ha ordna forhold med omsyn til skatte- og meirverdiavgiftsinnbetaling.

Det skal dokumenterast ved at søkjar leverer inn «Attest for skatt og merverdiavgift». Attesten skal ikkje vere eldre enn seks månadar ved søknadsfristen. Søkjar skal ha tilfredsstillande system for HMT. Dette skal dokumenterast ved at leverandøren leverer inn HMT-eigenerklæring.

Verksemder skal legge ved godkjent årsrekneskap.

Vurderinga skal skje på grunnlag av og i kva grad tiltaket som får midlar kan bidra til å nå måla for ordninga, og i kva grad ein kan nå målgruppene for tilskotsordninga.

Forvaltningslova ligg til grunn for all søknadshandsaming i Vestland fylkeskommune. Alle søknader er i utgangspunktet offentleg tilgjengelege, jf. forvaltningslova (fvl.). Unnatak gjeld personopplysningar. Desse vert unnateke offentlegheita jf. fvl. §13. I særlege tilfelle kan utsett offentlegheit vurderast etter fvl. Ta kontakt med sakshandsamar ved spørsmål.

Avdeling for kultur, idrett og inkludering førebur søknadane for politisk handsaming og vedtak i hovudutval for kultur, idrett og integrering. Kvar søknad er eit einskildvedtak og innstilling skal grunngjevast i saksframlegget.

Vedtak som fråvik frå fylkesrådmannen si innstilling skal også grunngjevast. Søknadene skal i hovudsak vere handsama innan fire ukar etter søknadsfristen.

Tiltaket skal gjennomførast på den måten og i det tidsrom som går fram av søknaden. Eventuelle vesentlege endringar i prosjektet må meldast skriftleg til sakshandsamar for vurdering og godkjenning.

Tilsegnsmottakar skal rapportere og sende inn rekneskap innan tre månader etter at tiltaket er gjennomført. Krav til rapportering blir sendt ut saman med eventuelt vedtak om støtte.

Dersom tilskotet ikkje kan nyttas til formålet, eller ikkje kan brukast innan tilskotsperioden, skal det betalst tilbake. Vilkår for eventuell tilbakebetaling skal framgå av tilskotsbrevet.

Fylkeskommunen og fylket sin revisor skal ha høve til å setje i verk kontroll med at pengane vert forvalta som føresett. Fylkeskommunen og fylket sin revisor skal ha rett til dei dokument og opplysningar ein finn påkravd for sin kontroll.

Du kan klage på vedtaket etter forvaltningslova §28, som omhandlar klagerett for part eller anna person med rettsleg klageinteresse ved einskildvedtak. Søkjar kan klage på vedtaket innan ein frist på tre – 3 – veker. Fristen vert rekna frå den dagen søkjar fekk melding om vedtaket.

Den fylkeskommunale klagenemnda er klageinstans. Klaga må innehalde opplysningar om kva vedtak det vert klaga over, årsaka til at det vert klaga og kva endringar ein meiner bør gjerast.

Klaga skal sendast til Vestland fylkeskommune.