Tilskot til tekniske og industrielle kulturminne

Målet med tilskotsordninga er å ta vare på vesentlege delar av den tekniske og industrielle historia i Vestland og å auke kunnskapen om denne delen av historia vår.

Tekniske og industrielle kulturminne er spor etter industriell kultur med historisk, teknologisk, sosial, arkitektonisk eller vitskapleg verdi. Tekniske og industrielle kulturminne er bygningar og produksjonsliner med maskineri, samferdsel og anna infrastruktur. Det er også den sosiale delen av industrihistoria med bustadar, religiøse byggverk, skular, rekreasjon- og grøntanlegg.

Tilskot til tekniske og industrielle kulturminne skal bidra til å ta vare på vesentlege delar av den tekniske og industrielle historia. Eit anna mål er å auke kunnskapen om mangfaldet av tekniske og industrielle anlegg, som grunnlag for forsking, formidling, oppleving, bruk og mogeleg ny bruk. Ein del av dette er å ta vare på handverkskompetansen som er bygd opp ved dei 15 prioriterte anlegga som var del av bevaringsprogrammet til Riksantikvaren fram til 2020.

Kven kan søkje?

Private, kommunale og fylkeskommunale eigarar og forvaltarar av tekniske og industrielle kulturminne.

Kva kan du søkje om tilskot til?

  • sikring
  • istandsetting
  • vedlikehald
  • kulturminne- og tilstandsregistrering
  • dokumentasjon
  • moglegheitsstudie

Det er viktig at du set deg inn i krava som følgjer tilskotsordninga. Du finn meir informasjon om desse på nettsidene til Riksantikvaren.

Korleis søkjer du?

Vi har laga eit søknadsskjema i Excel som du fyller ut og sender anten på e-post til post@vlfk.no eller som brev til Vestland fylkeskommune, Postboks 7900, 5020 Bergen.

Søknadsskjema i Excel.

Søknadsfrist

1. november 2020