Tilskot til konservering av ruinar frå mellomalderen
Målet med tilskotsordninga er å sikre ruinar frå mellomalderen (før 1537) og gjere eit utval av dei tilgjengelege for publikum. Søknadsfristen er 1. november.
Kven kan søkje?
Eigarar og forvaltarar av mellomalderruinar
Kva kan du søkje om tilskot til?
- Konservering og sikring
- Dokumentasjon
- Skjøtsel/vedlikehald/overvaking
- Formidling
- Kompetanseutvikling
Retningsliner
Bevaring og konservering av mellomalderruinar er ofte langsiktige og krevjande prosjekt. Konserveringar som allereie er sette i gang, vert difor prioriterte.
Det er også naudsynt å oppretthalde kompetanse på konservering og skjøtsel av mur, og ved fordeling legg vi til rette for prosjekt som sikrar denne kompetansen.
Les meir om arbeid med ruinar på nettsida til Riksantikvaren.
Korleis søkjer du?
Vi har laga eit søknadsskjema i Excel-format, som du fyller ut og sender til Vestland fylkeskommune anten på e-post til post@vlfk.no eller som brev til Vestland fylkeskommune, Postboks 7900, 5020 Bergen.
I emnefeltet/overskrifta i e-posten/brevet skriv du: «NAMN PÅ KULTURMINNE– Søknad om tilskot frå statsbudsjettet 2022 kap. 1429 post 73».
Søknadsskjema for tilskot til konservering av ruinar frå mellomalderen i Excel-format.
Søknadsfrist
Søknadsfrist for tilskot er 1. november.
Finansiering
Midlane i tilskotsordninga kjem frå statsbudsjettet, kap. 1429 post 73.