Forskingsfinansiering Vestland
Hovudutval for næring vedtok 11. februar 2026 å løyve 8 millionar kroner til satsinga Forskingsfinansiering Vestland. Ordninga skal finansiere tidlegfase forprosjekt i næringslivet i Vestland, og er eit viktig verkemiddel for å styrkje forskings- og innovasjonsaktiviteten i regionen.
Forskingsfinansiering Vestland er ei regional støtteordning som skal styrkje forskingsbasert innovasjon og verdiskaping i heile Vestland fylke. Ordninga skal bidra til at fleire bedrifter tek steget frå idé til forskingsprosjekt – og vidare til nye løysingar, produkt og tenester.
Ordninga er eit naturleg steg vidare for bedrifter som har gjennomført eit FORREGION-prosjekt, men ho er òg open for bedrifter med meir forskingserfaring som ønskjer å utvikle nye forskingsbaserte prosjekt i samarbeid med relevante forskingsmiljø.
Kven kan søkje?
-
Kommersielle bedrifter med verksemdsadresse og/eller vesentleg aktivitet i Vestland fylke kan søkje. Føretaket må vere eit aksjeselskap med tilsette i prosjektperioden.
Kva kan du få støtte til?
Du kan søke støtte til forprosjekt som skal utvikle og konkretisere ein forskingsidé.
Målet med forprosjekta er å redusere risiko, styrkje kvaliteten på framtidige hovudprosjekt og auke gjennomføringskrafta i bedriftene.
Føremål og strategisk forankring
Satsinga skal bidra til å realisere måla i Temaplan for forsking (pdf), og styrkje kunnskapsbasert verdiskaping i heile Vestland. Ordninga skal særleg:
-
Auke forskingsaktiviteten i næringslivet
-
Styrkje samarbeidet mellom næringsliv og forskingsmiljø
-
Bidra til grøn omstilling og berekraftige løysingar
-
Løyse regionale samfunnsutfordringar
Gjennom målretta støtte til forprosjekt legg Forskingsfinansiering Vestland til rette for fleire konkurransedyktige forskingsprosjekt på regionalt, nasjonalt og internasjonalt nivå.
Utlysing
Utlysing av forprosjekt vil bli publisert på denne nettsida.
Kontakt
Spørsmål om utlysinga kan rettast til forsking@vlfk.no.
Sjå kva prosjekt som har fått støtte så langt i 2026
| KURTALA GREEN AMMONIA AS | Oksy-forbrenning av ammoniakk for varmegjenvinning i Haber–Bosch-prosessen |
Støtte inntil kr. 500 000 |
| Lysverket AS | Gastronomisk Kvalitet for prisdifferensiering |
Støtte inntil kr. 390 000 |
| Metodos AS | RØR-RESP |
Støtte inntil kr. 500 000 |
| Arctic Seaweed AS | UllTareTau |
Støtte inntil kr. 500 000 |
| Njøs frukt- og bærsenter AS | Dronebasert deteksjon av vinterherdigheit og plantehelse i jordbær |
Støtte inntil kr. 465 000 |
| Havdis AS | Industrial validation of PDRN extraction from cod milt at 1-tonne pilot scale |
Støtte inntil kr. 500 000 |
| Stadt Towing Tank AS | Stadt OceanLAB – Testsenter |
Støtte inntil kr. 500 000 |
| EUPNEA AS | Robustheit i kontinuerleg respirasjonsmåling med RespX sensor under fysisk aktivitet |
Støtte inntil kr. 500 000 |
| Osland Havbruk AS | Regnbueørret fra Sognefjorden som råstoff for tradisjonell norsk rakfisk |
Støtte inntil kr. 500 000 |