Tilskot til kulturbygg i Vestland
Ordninga er finansiert gjennom spelemidlar, og skal bidra til eigna lokale, bygningar og utearenaer som gjev rom for ulik kulturell verksemd. Det er ulike lokale søknadsfristar i kommunane.
Du kan søkje om tilskot til
- kulturhus
- fleirbrukslokale
- spesiallokale for kunst og kultur, som bibliotek, bygg for museum eller andre kulturverntiltak
- scenekunstlokale
- konsertsal
- formidlingslokale for biletkunst
- etablering av livssynsnøytrale seremonirom
Midlane kan nyttast til nybygg, ombygging og modernisering av kulturbygning, men ikkje til vedlikehald eller drift.
Vestland fylkeskommune lyser også ut ordninga tilskot til kulturarenaer med regionale funksjonar.
Kven kan søkje?
Frivillige lag og organisasjonar, kommunar og fylkeskommune kan søkje på ordninga. Andre lag, organisasjonar og selskap kan også søkje, avhengig av vedtektene til laget. Spelemidlar skal ikkje gjerast om til forteneste for private fortenestebaserte aktørar.
Søknadsfrist
Kommunane set eigne søknadsfristar. Alle kommunane må overføre søknader frå kommunen sin til Vestland fylkeskommune innan 30. april kvart år.
Korleis søker du?
Send inn søknad elektronisk på anleggsregisteret.no. Ta kontakt med kommunen din for nærmare informasjon om søknadsprosessen og den lokale søknadsfristen.
Retningslinjer
Kulturdepartementet fastset støtta til kulturbygg gjennom ordninga desentralisert ordning for tilskot til kulturbygg. For å få tilskot til kulturbygg, må ein følgje vilkåra som er sett i retningslinjene for støtteordninga.
Retningslinjene har to delar. Den første byggjer på retningslinjene til Kulturdepartementet. Den andre delen er fastsett av Vestland fylkeskommune. Hovudutval for kultur, idrett og integrering vedtok reviderte retningslinjer i januar 2021.
Vilkår for tilskot
Lokala må vere planlagt ut frå definerte behov og bør vere fleksible. Kulturhusa bør lokaliserast sentralt i lokalsamfunnet eller regionen.
Bygningane skal i størst mogeleg grad fungere som kulturelle møtestader for alle grupper. Lokala skal vere opne for all lovleg kulturverksemd. Ingen må stengast ute av religiøse, sosiale eller politiske omsyn.
Fylkeskommunale prioriteringar
Vestland fylkeskommune legg vekt på dette når vi tildeler midlar:
- Vi prioriterer lokale arenaer som samlar ulike kulturaktivitetar.
- Vi vil følgje kommunale prioriteringar så langt som råd.
- Kommunal medfinansiering av prosjektet er ein fordel.
- Geografisk breidde i tildelingane.
- Vi prioriterer fornya søknadar som er godkjende i anleggsregisteret, men fått avslag grunna manglande rammer.
Tilskotssatsar
Tilskotet kan utgjere inntil 1/3 av godkjende prosjektkostnader for kulturbygget. Minste tilskotssum er 100 000 kr. Minste tilskotssum til tiltak som gjev universell utforming er 50 000 kr. Eit lokalt kulturbygg kan maksimalt innanfor ein 20-årsperiode fåtildelt 1,5 mill. kr. Kulturbygg med regionale funksjonar kan få høgare løyvingar.
Fylkeskommunen kan gje delløyving til ein søknad, dersom tilskotet elles vil utgjere ein uforholdsmessig stor del av den totale tilskotssummen. Søkjar skal då sende inn ein gjenteken søknad i neste søknadsrunde.
Vedlegg som skal følgje søknad
Søknaden skal registrerast på www.anleggsregisteret.no/kulturanlegg/ av søkjaren (eigar av kulturbygg/arena) innan fristen kommunen har sett.
Desse vedlegga må følgje søknaden
- Dokumentasjon på kven som er eigar av tiltaket/ bygget, jf. punkt 2.8.3 i retningslinjene.
- Vedtekter for bruken av lokale/bygning/arena.
- Framdriftsplan for tiltaket.
- Skriftleg presentasjon av tiltaket, inkludert ei behovsvurdering.
- Teikningar av bygget/lokala inkl. ev. etasjar som ikkje er omfatta av tiltaket i søknaden. Teikningane skal ha rette mål og mål skal vere oppgjevne. Alle teikningar skal ha tittelfelt som inneheld skildrande namn (plan/fasade/snitt etc.), dato/revisjonsdato og målestokk.
- Detaljert kostnadsoverslag for tiltaket. Administrasjonskostnadar, medrekna utgifter til revisjon, kan maksimalt utgjere 5 prosent av godkjend totalkostnad.
- Finansieringsplan. Denne skal gjere greie for finansieringa av dei samla kostnadane medtiltaket. Alle søknader skal vere fullfinansierte. Dokumentasjon på finansiering må ligge ved søknaden, med unntak av for midlar frå kulturbyggordninga. All finansiering skal vere dokumentert slik
- Eigenkapital: Eigenkapital skal stadfestast med kontoutskrift frå bank e.l. som viser at summen er bunden til bygginga av anlegget. Aksjekapital skal dokumenterast.
- Dugnad: Dugnadsarbeid skal settast opp i eit eige dugnadsoversyn som er utarbeidd med utgangspunkt i dei arbeida som etter kostnadsoverslaget skal utførast på dugnad. Verdien av dugnadsarbeidet skal reknast ut av ein kvalifisert fagperson (til dømes kostnadsvurdering/tilbod frå kommune, firma, entreprenør, handverkar e.l.). Oversynet skal signerast. Ein skal ikkje ta med meirverdiavgift på dugnad.
- Gåve: Pengegåver skal dokumenterast med gåvebrev.
- Lån: Skal vere stadfesta med kopi av lånetilsegn. Eventuelle lånevilkår må vere oppfylte/aksepterte.
- Tilskot frå kommune/fylkeskommune: Må vere stadfesta med kopi av vedtaket.
- Ved ombygging, modernisering og rehabilitering skal det liggje ved omtale av eksisterande drift og bruk av kulturbygget.
- Plan for bruk, drift og forvaltning av kulturbygget. Planen skal mellom anna gje
opplysningar om brukstid og brukargrupper. - Tinglyst rett til eigedom og anlegg i minimum 20 år, i tråd med krava i punkt 8.3.