Driftstilskot til kunst, kultur og idrett
Vestland fylkeskommune gir tilskot til drift av organisasjonar og institusjonar som har ein sterk og tydeleg verdi for kultur- og idrettsfeltet i heile eller store deler av Vestland fylke. Søknadsfrist for driftsstøtte i 2024 er 15. mars 2023.
Driftstilskotet skal vere med på å sikre føreseielege driftsrammer for etablerte verksemder som har kontinuerleg aktivitet, høgt kvalitets- og kompetansenivå, langsiktige mål og betydning ut over lokale nedslagsfelt. Dei som får driftstilskot er ideelle verksemder med eit tydeleg føremål innan kunst, kultur, idrett og friluftsliv, med sterk regional, fylkesfemnande eller nasjonal verdi og hovudaktivitet i Vestland fylke.
Tilskotsordninga gjeld driftsåret 2024, og tildelingane vert avgjort som del av den politiske budsjettprosessen for 2024.
Tildeling av tilskot
Tildeling av tilskot skjer ut frå vedtekne retningsliner for ordninga (pdf) og dei økonomiske rammene i fylkeskommunen. Regional plan for kultur 2023-2025 vert vedteke i fylkestinget 14.mars 2023. Den planen vil vere styrande for tildelingar. Informasjon om planprosessen er lagt ut på denne sida.
Vestland fylkeskommune har fleire ordningar som kan søkjast på for prosjekt og mindre, ev. tidsavgrensa, tiltak innan kunst og kultur, inkludering og mangfald. Her finn du oversikt over alle tilskotsordningane til fylkeskommunen.
Kven kan søke?
Aktørar innan kunst, kultur, idrett og friluftsliv med hovudaktivitet i Vestland fylke kan søke. Ordninga gjeld både for verksemder i den frivillige og den profesjonelle delen av felta. Det blir forventa at søkjarane har ei stabil organisering og drift.
Verksemda skal vere ideell (ikkje-kommersiell), ha eit tydeleg føremål innan kunst, kultur, idrett og friluftsliv. Det er ein føresetnad at verksemda har sterk regional eller nasjonal verdi, det vil seie verdi for heile eller større deler av Vestland fylke.
Ta gjerne kontakt med sakshandsamar/kontaktperson for dykkar felt om de er nye søkjarar på driftstilskot.
Andre relevante tilskotsordningar til drift
- Driftstilskot til regionale barne- og ungdomsorganisasjonar
- Driftstilskot til regionale og nasjonale kulturminne i Vestland
- Tilskot til forvaltning og drift av verna fartøy
Kva kan ein få støtte til?
Driftstilskot er ikkje knytt til eit særskilt tiltak/prosjekt, men gjeld for verksemda som heilskap. Tilskotet er knytt til verksemda sine vedtekne føremål og planar og grunngjeve ut frå dei fylkespolitiske måla på feltet. Tilskotet skal nyttast til verksemda si daglege drift, inkludert innhaldsproduksjon og kunst-, kultur- og idrettsfaglege kjerneoppgåver.
Tilskotet har eit langsiktig, strategisk preg og går som hovudregel til varige føremål. I dette ligg at verksemda har ei tyding for kulturlivet i regionen, som inneber at fylkeskommunen – ut frå vedtekne kulturpolitiske mål – bør medverke økonomisk til drifta.
Driftstilskot vert likevel gitt berre for eitt år av gangen. Alle som får driftsstøtte over Vestland fylkeskommune sitt budsjett må søkje om dette kvart år, innan oppgitt frist.
Omgrepsavklaring
Regional verdi
Omgrepet regional viser her til to prinsipielle hovudkriterium:
- Geografisk kriterium (geografisk nedslagsfelt og verkeområde): Om tiltaket omfattar fleire kommunar, og/eller om tiltaket vert gjennomført eller har deltaking frå meir enn to kommunar.
- Funksjonskriterium (regional funksjon i kraft av oppdrag, storleik, fagleg tyngd, kvalitet og særpreg).
Alle tilrådde tiltak og prosjekt skal ha regional verdi – geografisk og/eller funksjon. Storleik og omfang treng ikkje vere avgjerande. Fagleg kvalitet og særleg grad av nyskaping m.m. kan også ligge til grunn for at eit tiltak har regional verdi.
I tråd med kulturlova er det kommunane som skal leggje til rette for og sikre eit breitt lokalt kulturtilbod der folk bur og arbeider. Fylkeskommunen si rolle er å vere ein regional utviklar og ha oversyn og sikre tilgjenge til meir spesialiserte eller regionale kulturtilbod.
Krav til søknaden
- Søknad saman med vedlegg skal sendast gjennom Vestland fylkeskommune sin elektroniske søknadsportal innan søknadsfristen. Eventuell ettersending av vedlegg skal skje snarast og seinast innan tre månadar etter søknadsfristen.
- Søknaden må tilfredsstille dei til ein kvar tid gjeldande krav og retningslinjer som er fastsett av Vestland fylkeskommune. Søknader som ikkje oppfyller kriteriet for å søke, blir avvist.
- Minste søknadssum for driftstilskot er 50 000 kr.
Søknadsskjema vert opna og publisert minst ein månad før søknadsfristen og vert lukka når søknadsfrist går ut kl. 23.59.
I tillegg til søknad må det leverast årsrapport og -rekneskap for førre år. Det er eit krav for at søknaden skal verte handsama, og fylkeskommunen ønsker dette tilsendt elektronisk så snart som mogleg og seinast innan 1. mai.
Vedlegg som ikkje blir lagt ved søknaden sender du til e-post: irene.fredheim.kronen@vlfk.no. Merk e-posten med: Vedlegg til søknad, saksnr. 2023/31347 , namn på søkjar
Vurdering
I tråd med kulturlova skal kommunane sikre eit breitt lokalt kulturtilbod. Fylkeskommunane skal ikkje overta eller erstatte kommunane sitt lokale ansvar, men ha oversyn og sikre tilgjenge til spesialiserte kulturtilbod i regionen. Fylkeskommunen si regionale utviklarrolle skal liggje til grunn for tilskotsforvaltinga, og fylkeskommunen skal støtte kulturverksemder med regional eller nasjonal verdi.
I vurderinga av søknader vert det vidare lagt vekt på følgjande omsyn (i uprioritert rekkefølgje):
- I kva grad verksemda oppfyller satsingar i dei regionale kulturplanane
- I kva grad verksemda bidreg til ei utvikling av kulturlivet i fylket
- I kva grad verksemda har verdi for kulturlivet i større delar av fylket
Vedtak
Krav til mottakar av driftstilskot
- Dersom drifta vert vesentleg endra, eller at det vert påvist tydelege feil eller manglar, kan heile eller delar av tilskotet krevjast betalt tilbake. Eventuelle vesentlege endringar frå opplysningar gitt i søknaden, skal meldast til avdeling for kultur, idrett og inkludering.
- Det skal sendast inn årleg rapport med rekneskap og årsmelding seinast innan 1. mai kvart år.
- Det er ein føresetnad for tildelinga at organisasjonen følgjer norske lover, har god forretningsskikk, god økonomiforvaltning, og at det vert rapportert til fylkeskommunen etter gjeldande krav.
- Fylkeskommunen og fylket sin revisor skal ha høve til å setje i verk kontroll med at midlane vert forvalta som føresett, samt ha rett til dei dokument og opplysningar ein finn påkravd for kontroll.
- Tilskot over 300 000 kr skal reviderast av godkjend eller statsautorisert revisor. Krava til type revisjon differensierast etter tilskotsmottakars organisasjonsstørrelse og -art og er tilpassa tilskotsforvaltars behov for ekstern stadfesting. Krava vil gå fram av tildelingsbrevet. Unntatt frå dette kravet er verksemder som nytter kommunerevisjon eller anna offentleg revisjonsorgan.
- Styret skal kunne vise til fagleg og administrativ profesjonalitet og at kontinuitet er sikra, uavhengig av enkeltpersonar.
- Organisasjonen skal vere registrert i Brønnøysundregisteret.
- Dersom verksemda mottar meir enn 50 prosent av inntektene frå det offentlege, vert verksemda omfatta av ”lov om offentlige anskaffelser”.
- Dei regionale kulturplanane for tidlegare Sogn og fjordane fylkeskommune og Hordaland
fylkeskommune er styrande for tildelingar. - Frivillige kulturorganisasjonar og profesjonelle kunst- og kulturinstitusjonar som mottek tilskot skal ha ein heilårleg aktivitet, eit langsiktig perspektiv og eit varig kulturføremål.
- Organisasjonen må arbeide innanfor det kulturpolitiske ansvarsområdet, vere open og
demokratisk. - Det er ein føresetnad at tilskotsmottakarar som har opne publikumsretta aktivitetar, aksepterer og nytter ordninga med følgjekort for personar med nedsett funksjonsevne.
- Verksemda skal ha ei etisk forsvarleg drift, mellom anna:
- I tråd med FN sine berekraftsmål legg Vestland fylkeskommune til grunn at mottakarar av tilskot til kunst og kulturføremål legg vekt på ei mest mogleg berekraftig verksemd.
- Likestillingslova med forbod om diskriminering vert følgt aktivt i drifta av organisasjonen.
- For dei som får driftsstøtte over 500 000 kr er det ein føresetnad at det vert sikra ein god kjønnsbalanse i organisasjonen sitt styre.
- Organisasjonen skal ha eit forsvarleg arbeidsmiljø for sine tilsette, og driva seriøst etter norske lover og reglar, der sentrale styrande dokument innan HMS er på plass og fylgt.
- Organisasjonen skal honorere kunstnarar og fagpersonar i tråd med gjeldande avtalar, vederlagsordningar og anbefalte satsar der det er relevant.
- Organisasjonen skal leggje til rette for aktivt for mangfald i kjønn og etnisitet.
- Mottakarar av regionalt tilskot skal ha ei heilårleg drift der organisasjonen skal vere operativ og tilgjengeleg også i dei periodane der ein ikkje har naturleg aktivitet.
- Gjennom aktivitetar, informasjonsmateriale m.m. skal det synleggjerast at Vestland
fylkeskommune er tilskotsgjevar. Les om korleis de brukar fylkesvåpenet på rett måte her.
Oppfølging, rapportering og kontroll
- Til grunn for tilskotet ligg søknaden frå dykk. Eventuelle vesentlege endringar må de melde til avdeling for kultur og folkehelse.
- Dersom drifta vert vesentleg endra, eller at det vert påvist tydelege feil eller manglar, kan fylkeskommunen krevje heile eller deler av tilskotet tilbake.
- Regional plan for kultur 2023-2025 vert vedteke i fylkestinget 14.mars i år. Den planen vil vere styrande for tildelingar.
- De må sende inn rapport for tilskotet slik det vert omtala nærare i svarbrevet.
- Det er ein føresetnad for tildelinga at tilskotsmottakar følgjer krav til god økonomiforvaltning, kontroll og rapportering
- Søkjar må på førespurnad gje akkreditering til inntil to representantar frå Vestland fylkeskommune ved ope arrangement. Dette er ein del av fylkeskommunen sitt oppfølgingsarbeid.
- Fylkeskommunen og fylket sin revisor kan setje i verk kontroll med at midlane vert forvalta som føresett. Fylkeskommunen og fylket sin revisor kan be om dokument og opplysningar dei finn påkravd for sin kontroll.
- Tilskotsmottakar må synleggjere at Vestland fylkeskommune er tilskotsgjevar gjennom aktivitetar, informasjonsmateriale m.m. De finn fylkesvåpenet på nettsida: https://www.vestlandfylke.no/om-oss/grafisk-profil/
- Vi gjer merksam på at dersom verksemda mottar meir enn 50 % av inntektene frå det offentlege, vert verksemda omfatta av Lov om offentlige anskaffelser.
For små organisasjonar er årsrapport og årsrekneskap utan styret si godkjenning tilstrekkeleg. Organisasjonar med ei driftsinntekt på 5 mill. kr eller meir skal levere godkjent årsmelding og årsrekneskap.
Mottakarar av driftsstøtte vil bli kalla inn til budsjett- og rapporteringsmøte. Dei som får størst løyvingar vert kalla inn årleg, medan mottakarar av mindre tilskot vert kalla inn kvart andre/tredje år. Eventuelle andre møte kan avtalast.
Klage
Vedtak om driftstilskot er enkeltvedtak med klagerett jf. forvaltningslova § 28.
De har høve til å klage på vedtaket innan tre veker etter at de har motteke tildelingsbrev. Ein eventuell klage skal sendast til Vestland fylkeskommune på e-post til post@vlfk.no. Klagen må merkast med saksnummer 2023/31347.
Klagen må innehalde opplysningar om
- kva vedtak ein klagar på
- kva endring ein ønskjer
- kvifor ein klagar
- andre opplysningar som kan telje med når klagen skal vurderast