Tilskot til profane (ikkje-kyrkjelege) mellomalderbygg

Målet med tilskotsordninga er å ta vare på dei eldste trebygningane i fylket.

Profane mellomalderbygningar er blant verdas eldste trebygningar. Det er eit mål

  • å få bygningane opp på eit normalt vedlikehaldsnivå, samtidig som vi tek vare på kjeldeverdien deira
  • at den immaterielle kulturarven i det tradisjonelle bygningshandverket blir teken vare på og styrka. Arbeid på mellomalderbygningane bør difor gjennomførast på ein slik måte at handverkarkompetanse vert tekne vare på og utvikla

Kven kan søkje?

Private eigarar av automatisk freda bygg frå mellomalderen (før 1537). Også andre eigarar av freda bygg frå før 1537 kan i særlege tilfelle søke tilskot.

Kva kan du søkje om tilskot til?

  • Istandsetting og tyngre vedlikehald som bidreg til å ivareta normalt vedlikehaldsnivå, samtidig som kjeldeverdien til bygningane blir teken vare på.
  • Tiltak som bidreg til dokumentasjon, kunnskapsutvikling og forsking på mellomalderbygningar.

Korleis søkjer du?

Du sender søknaden din til Vestland fylkeskommune anten på e-post til post@vlfk.no eller som brev til Vestland fylkeskommune, Postboks 7900, 5020 Bergen.

I emnefeltet/overskrifta i e-posten/brevet skriv du: «NAMN PÅ KULTURMINNE– Søknad om tilskot frå statsbudsjettet 2021 kap. 1429 post 73»

Søknadsfrist

1.november

Finansiering

Midlane i tilskotsordninga kjem frå statsbudsjettet, kap. 1429 post 73.

Fylkeskommunen har to kriterium for korleis vi måler om vi oppnår det vi ønskjer med ordninga:

  • Talet freda bygningar i privat eige frå før 1537 som har forbetra tilstandsgrad.
  • Talet freda bygningar i privat eige frå før 1537 som har oppretthaldt tilstandsgrad.