Barnefamiliepanelet 2022
Kva slags idretts, kultur- og fritidsaktivitetar deltek barnefamiliar i Vestland i? Barnefamiliepanelet skal gje kunnskap om heile fritidslivet til barn og unge. Målet er å skaffe oversikt for fylket og kommunane slik at dei kan planlegge og tilrettelegge for enda meir aktivitet.
Denne sida er for deg som jobbar med dette i kommunane. Sjølve undersøkinga finn du på vlfk.no/barnefamilie
Barnefamiliepanelet er ei undersøking om kva slags fritidsaktivitetar barnefamiliar deltek i. Bergen kommune har gjennomført undersøkinga tre gangar i Bergen kommune, og har no invitert Vestland fylkeskommune til eit samarbeid slik at undersøkinga kan utvidast til heile fylket. Undersøkinga vil bli sendt ut i slutten av mai og alle barnefamiliar vil bli invitert til å delta.
Resultata frå undersøkinga vil gje eit godt kunnskapsgrunnlag for arbeid med Folkehelseoversikta i Vestland og påfølgjande planstrategi og anna planarbeid. For kommunane vil spørsmåla i undersøkinga vere relevante både for folkehelsearbeidet i kommunen, og til drift og planlegging innanfor ei rekkje av kommunen sine ansvarsområde som samfunnsutvikling, oppvekst, helse, velferd og kultur.
Førebelse milepælar
- Info- og samhandlinsmøte med kommunane 14. mars
- Kommunikasjonspakke til kommunane blir sendt ut 20. mai
- Invitasjon til respondentar blir sendt ut 23. - 24. mai
- Undersøkinga blir avslutta i midten av juni
- Første resultatrapport vil bli presentert hausten 2022
Les meir om barnefamiliepanelet på Bergen kommune sine nettsider