Tilskot til freda kulturminne i privat eige, kulturmiljø og kulturlandskap

Dette er ei tilskotsordning for privatpersonar som eig eller forvaltar ulike typar kulturminne, kulturmiljø og kulturlandskap frå etter 1537.

Kven kan søkje?

  • Private eigarar og forvaltarar av bygningar, anlegg, kulturmiljø og landskap som er frå etter 1537, og som er freda, automatisk freda, mellombels freda, eller der fredingssak er under handsaming.
  • Kulturminne som ikkje er freda kan få tilskot i særlege tilfelle. Det må skje på bakgrunn av  eigne satsingar hjå Riksantikvaren eller fylkeskommunen, forankra i nasjonale strategiske satsingar.

Kva kan du søkje om tilskot til?

  • Konkrete istandsettings- og vedlikehaldstiltak på kulturminne som er omfatta av tilskotsordninga
  • Heil eller delvis dekking av meirkostnader i samanheng med antikvarisk sikring, istandsetting, vedlikehald og skjøtsel av kulturminne og kulturmiljø

Retningsliner

  • Som hovudregel skal ikkje tilskotet overstige 50–70 prosent av totalkostnaden for tiltaket. Det kan gjerast unntak i særlege tilfelle, på grunnlag av tilhøve som særskilt høg kulturminneverdi, låg bruksverdi for eigar og urimeleg stort vedlikehaldsansvar.
  • Handverkarane som skal gjere arbeidet, skal ha fagskulepoeng eller studiepoeng innan praktisk bygningsvern eller kunne dokumentere tilsvarande realkompetanse. I særlege tilfelle kan det gjerast unntak frå dette. Sentrale fagpersonar og byggeplassleier i utførande firma må kunne kommunisere på norsk.

Korleis søkjer du?

Du sender søknad om tilskot gjennom den nasjonale søknadsportalen Digisak. Her finn du òg tips og informasjon om korleis sende inn søknad.

Søknadsfrist

1. november 2021.

Finansieringsordning

Dette er ei tilskotsordning for freda kulturminne frå etter 1537 i privat eige. Midlane kjem frå statsbudsjettet, kap. 1429 post 71.