Grafisk profil

All kommunikasjon frå fylkeskommunen skal ha ein klar og tydeleg avsendar og den grafiske profilen skal vere førande for all profilering. Logo skal alltid vere med på publikasjonane våre og må framstillast etter retningslinene for bruk av logo.

Vestland fylkeskommune sin visuelle identitet viser forenkla utsnitt av fylket sett frå lufta. Konseptet har fått namnet "Overblikk".

Den visuelle identiteten er knytt til fylkesvåpenet til Vestland. Mens fylkesvåpenet er ei attgjeving av kystlina sett ståande framanfrå, har designkonseptet «Overblikk» teke utgangspunkt i eit perspektiv ovanfrå. 

Logo

Logoen er sjølve symbolet på fylkeskommunen. Han er samansett av våpenskjoldet og fylkesnamnet. Berre unntaksvis kan fylkesvåpenet nyttast åleine utan namneteksten. Bruk alltid originale logofiler med rett oppløysing. Lag aldri eigne versjonar.

Ikkje plasser logo på urolege bakgrunnar. Logoen må skalerast proposjonalt. Plassér aldri avdelingsnamn, slagord eller anna tekst inn som en del av sjølve logoen.

Logo for Vestland fylkeskommune (eps)
Logo for Vestland fylkeskommune (jpg)
Logo for Vestland fylkeskommune (png)

Logopakke (zip) (inneheld logo med svart og med kvit tekst, i filformata eps og jpg)

English logos (zip)

Logo_avstand.PNG

Skrifttype

I all kommunikasjon utanom logo er skrifttypen Roboto valt. Han har lang fartstid, spesielt på digitale flater. Skrifttypen er godt lesbar, og med eit klart og tydeleg preg som eignar seg godt både i store storleikar og i lita skrift.

Fargar

Fargepaletten til «Overblikk» består av ein primærpalett og ein sekundærpalett. Primærpaletten har fire lyse, moderne og optimistiske fargetonar som kontrasterer den djupe blå fargen.

Primaerfargar.PNG

Sekundærpaletten består av åtte fargetonar, fire kalde og fire varme farger.

Sekundaerfargar.PNG

Fargepalett for Vestland: Vestland_fargepalett.ase

Tilleggselement

Tilleggselementet er ei forenkla framstilling av landskapet i fylket sett ovanfrå. Gjennom ei forenkla framstilling av landskapet, er det teikna inn fjord, skog, fjell, by/tettstad, isbre, vêr, og dei fylkeskommunale tenestene veg, vidaregåande skular og tannklinikkar. Alle desse kjenneteikna har fått kvart sitt visuelle mønster.

Tilleggselement.PNG

Fotostil

Akkurat som det geografiske kartet er brukt som tilleggselement er fotomotiva tekne i fugleperspektiv i ulik avstand til objekta. Slik oppnår vi ein likskap og ein eigenarta stil for foto som er med på å byggje ein sterk identitet.

Fotostil.PNG