Digdem - tilgang for presse og publikum
Gjennom publikumsløysinga til Digdem får presse og publikum tilgang til alle forslag til vedtak som blir lagde fram i løpet av politiske møte, så snart dei er fremja.
Alle medlemmar i eit politisk utval kan i løpet av eit møte leggje fram forslag til vedtak, som utvalet så tek stilling til og stemmer over. Publikum har tilgang til desse skriftlege forslaga gjennom publikumsløysinga til Digdem.
Løysinga er teken i bruk for fylkestinget, fylkesutvalet og dei fire hovudutvala.
Slik fungerer det
Sjølve sakspapira må du lese i den politiske møtekalenderen til Vestland fylkeskommune. Her finn du alle politiske møte og saker.
I publikumsløysinga til Digdem finn du berre forslaga som blir fremja i løpet av møtet.
Gå til publikumsløysinga til Digdem.
Når du har funne møtet du er interessert i, går du inn på saklista. Forslag til vedtak finn du i kolonne nummer seks (den siste) i saklista. Når du trykkjer på det blå ikonet som symboliserer forslaga, får du opp forslaget/-a til vedtak (og det opphavlege forslaget til vedtak).
Dersom du lurer på noko, send ein e-post til politisk sekretariat i fylkeskommunen.