Dagsturhytta

Dagsturhytteprosjektet starta som ein litt vill idé i Sogn og Fjordane fylkeskommune i 2016. No er hyttene kjende landemerke og populære turmål i heile Vestland fylke.

Sjå oversikt over alle hyttene.

Nesten alle kommunar i Vestland har no fått si eiga dagsturhytte, og desse kan du finne via lenke over, i kartet eller i oversikta lenger ned på denne sida.

Fleire andre fylke har sett i gong med sine eigne dagsturhytteprosjekt etter same modell. I Rogaland er det sett opp 13 hytter, og planen er å få på plass 27 hytter fordelt på 23 kommunar i løpet av 2022. I Agder har alle dei 25 kommunane sagt ja til å bygge ei dagsturhytte, og den første hytta skal etter planen stå klar i september 2022. I Innlandet har 38 av 46 kommunar meldt si interesse, og det er planlagt byggestart for fem hytter i 2022. Fleire fylke følger truleg etter.

Alle hyttene, både dei som er på plass og dei som kjem, skal ha eit nynorsk turbibliotek. Det skal stimulere til lesing, fremje nynorsk litteratur spesielt og gjere innbyggjarane betre kjent med det lokale biblioteket sitt. Det er dei kommunale folkebiblioteka som han ansvar for turbiblioteka. Bøkene gir farge og trivsel i hytta, og det å setje seg ned og ha lesestund i hytta er ein tilleggsdimensjon til turopplevinga som mange set pris på. 

Les meir om dette.

Informasjon om alle dagsturhyttene i Vestland kan du (etter kvar som dei kjem på plass) finne på dagsturhytta.no. I tillegg til dette har vi ein felles Instagram-konto og ei facebookside. Vi set stor pris på om de som legg ut bilete frå hyttene merkar oss. Vi kan dele vidare, og på den måten blir innbyggjarane og besøkande ambassadørar for dagsturhyttene.

Les meir om dagsturhytta i sosiale medium.

På fylkesatlas har vi eit eige kartlag med oversikt over kvar ein finn dei ulike dagsturhyttene. Det vert også jobba med å få på plass stiar til hyttene i kartet. Desse stiane er det i stor grad frivillige rundt om i kommunane som har vore med å få registrert.

I november 2019 kom praktbrosjyren om alle dagsturhyttene i Sogn og Fjordane ut. Denne kan du få tak i på ulike møtestadar i kommunen, som til dømes legekontor, rådhus, bankkontor og treningssenter.

Fylkeskommunen ønskjer også å knyte dagsturhytteprosjektet til kulturminne. Målet er å formidle digitalt nokre aktuelle kulturminne knytt til dagsturhyttene. Det kan vere noko ein passerer på stien, noko ein kan nå om ein går vidare frå hytta, eller noko ein ser frå hytta. Kulturminne frå ulike tidsepokar sett saman slik kan vise eit tidsbilete frå området og byggje bru frå eldre til nyare tid.

Saman med samarbeidspartane skal vi leggje til rette med stiar og skilting for at hyttene skal vere lette å finne.

Dagsturhyttene er ein utmerka formidlingsarena. Det har vorte arrangert konsertar, teaterframsyningar, lesestunder og anna på og ved hyttene. Den kulturelle skulesekken har samarbeidd med skulane om framsyningar på nokre av hyttene.

Eit døme er forfattar Anders Totland som hadde 30 framsyningar for til saman 700 elevar på ungdomstrinnet i Sogn på dagsturhyttene. Forfattarbesøka gjennom DKS var eit samarbeid med seksjon for bibliotekutvikling og med kommunane ved skular og folkebibliotek. Eit anna døme er biblioteka som med midlar frå Nasjonalbiblioteket har hatt fleire litterære tilstellingar for skular, barnehagar og busette flyktningar og innvandrarar i kommunane.

Dagsturhytta er teikna av Rojo arkitekter i Trondheim, og dette designet har vorte vidareført i tidlegare Hordaland. Men prosjektet i Sogn og Fjordane har gjort seg ein del erfaringar, som det vidare prosjektet i Vestland no dreg nytte av. Blant anna vil alle hyttene få vedomn.

Hyttene i Sogn og Fjordane vart bygde og leverte av Reknes Byggjevarer frå Masfjorden. Når nye dagsturhytter skulle byggast til hordalandskommunane var det Stad Kystbygg, eit ungt firma på Stadlandet, som vann anbodskonkurransen.

Det har heile vegen vore lagt opp til at kommunane kan invitere innbyggjarane med i prosjektet. Nokre døme på medverknad er namnekonkurransar, innspel til plassering, folkemøte og dugnad. Mange frivillige har bidrege med opparbeiding, og i ein del kommunar er det frivillige lag og organisasjonar som har fått driftsansvar for hyttene.

Prosjektet er eit samarbeid mellom fylkeskommunen, Sparebankstiftinga til Sparebanken Sogn og Fjordane og kommunane sjølve. Hyttene vert i hovudsak finansierte av fylkeskommunale midlar, gåver frå Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane og spelemidlar. Kommunane kan søkje spelemidlar for inntil 1/3 av kostnaden med hytta.