Fagskule

Fagskuleutdanning er høgare yrkesfagleg utdanning. Utdanningane er på nivået over vidaregåande opplæring i utdanningssystemet. Fagskuleutdanning skil seg frå anna høgare utdanning mellom anna ved at du kan søke opptak på grunnlag av fullført fagbrev, og det ikkje er krav om at undervisinga i fagskulane skal vere forskingsbasert. Men det er eit krav at utdanningane skal ha yrkesrelevans. Ei fagskuleutdanning skal altså i større grad vere direkte kopla til arbeidslivet sitt behov. Vestland fylkeskommune er skuleeigar for Fagskolen i Hordaland og Fagskulen i Sogn og Fjordane. Styra for fagskulane blir valt av fylkestinget.