Kom i gang med forsking i bedrift - FORREGION

FORREGION Vestland skal bidra til at bedrifter brukar forsking til innovasjon, berekraftig verdiskaping, grøn konkurransekraft og klimaomstilling.

FORREGION Vestland tilbyr eit sett med verkemiddel for bedrifter som vil kome i gang med forsking: 

  • Kompetansemekling: Gratis rådgiving frå ein kompetansemeklar som bidrar til å avklare behov for forsking, moglege finansieringskjelder og aktuelle forskingspartnarar. 
  • Forprosjektmidlar: Støtte til innleiande forskings- eller utviklingsprosjekt. Godt eigna for bedrifter med lite erfaring med å bruke forsking i verksemda. 
  • Forskar til låns: Bedrifta får låne ein forskar i ein avgrensa periode for samarbeid om forsking, utvikling og nyskaping. 
  • Opphald i ein forskingsorganisasjon: Opphald hos ein forskingsinstitusjon for å knyte kontaktar og tileigne seg kunnskap som er viktig for bedrifta. 
  • FoU-møte: Støtte til å arrangere eit møte med fleire bedrifter for å avklare korleis forsking kan bidra til å løyse felles utfordringar i ei næring. 

Utfyllande informasjon om kvart enkelt tiltak finn du ved å klikke på lenkene til høgre (under teksten på mobil). 

Om FORREGION Vestland

FORREGION Vestland er del av fylkeskommunen si langsiktige satsing på mobilisering til forsking.

FORREGION (Forskingsbasert innovasjon i regionane) er ei del av ei nasjonal satsing med mål å fremme forskingsbasert innovasjon i næringsliv i heile landet. FORREGION Vestland er hovudsakleg finansiert av Kommunal- og distriktsdepartementet, med delfinansering frå fylkeskommunen, Høgskulen på Vestlandet og Vestlandsforsking. 

Samarbeid

Fylkeskommunen leiar satsinga og samarbeider tett med Høgskulen på Vestlandet og Vestlandsforsking. I gjennomføringa av FORREGION har vi òg eit etablert samarbeid med Forskningsrådet, der vi mellom anna nyttar Forskningsrådet si søknadsportal og har eit fagleg samarbeid knytt til gjennomføring av satsinga.

FORREGION Vestland samarbeider vidare med næringshagar, inkubatorar, næringsklynger og kapasitetsløftprosjekta om planlegging og gjennomføring av FoU-møte.

 

Aksello AS Digitalisering og robotisering for industrien i Sunnfjord – FoU-møte for framtidige løysin FoU-møte 70 000
Næringshagen i Hardanger AS Sirkulærøkonomi for unytta ressursar (restavfall) i landbruket FoU-møte 50 000
Inviro AS - Næringshagane i Nordfjord FoU-møte om robotisering og automatisering for berekraftig industri FoU-møte 70 000
Sogn Næring AS Sirkulære bygg i praksis – FoU-møte om ombruk, klima og nye verdikjeder FoU-møte 50 000
Måløy vekst FoU - Sirkulær verdiskapning og betre restråstoff utnytting i dei marine næringane i Måløy-regionen FoU-møte 50 000
Metodos AS Teoretisk verifisering av Metodos-funn og kurs for videre FoU-løp Forskar til låns 100 000
MITOBOOSTING SUPPLEMENTS AS Foredling av innmat fra rein og storfe Ny kunnskapsutvikling for å sikr Forskar til låns 100 000
SWECO NORGE AS Klimatilpasning av transformasjonsområder på Vestlandet Forskar til låns 100 000
CLAUDIT AS Molarclip - utvikling av nytt produkt for verdig stell av døde Forskar til låns 100 000
Norse Vision3F V-Tag: AI-basert overvaking og kontroll for optimalisering av fiskeoppd.. Forskar til låns 100 000
The Next Chapter Edutainment Utvikle kunnskapsgrunnlag for bruk av Smartbriller for personer med autisme/HC Forskar til låns  100 000
BIOSPINOUT TWO AS Woolly – kartlegging av påverknad på omgjevnadene ved bruk av biobaserte.. Forprosjekt 200 000
Palfinger Marine AS Sanntids Vind Simulering for digital twilling Forprosjekt 200 000
THE WE EFFECT AS KI-støttet terapiforløp i psykisk helse – FoU-avklaringer og teknisk verifiser... Forprosjekt 200 000
STADT TOWING TANK AS Stadt OceanLab -The Vestland Ocean Prototype Testbed Forprosjekt 200 000
Midlaier AS KI-støttet autonomt intervju i kriser Forprosjekt 200 000