Nominer nokon til frivilligprisen
Du kan no nominere kandidatar til frivilligprisen Vestland 2023. Fristen for å nominere er 15. september.
Frivilligprisen Vestland vart delt ut for første gong i 2022 og gjekk til Turboklubbane i Bergen og Hordaland turlag.
Frivilligprisen er på 50 000 kroner og skal brukast innan frivilligfeltet. Prisvinnaren avgjer kvar. Frivilligprisen blir delt ut på Kulturkonferansen Vestland i november.
Kven kan få prisen?
Fylkeskommunen vil heidre ein initiativrik person, organisasjon, gruppe eller foreining, som har utmerka seg med frivillig innsats til beste for medmenneska og samfunnet i Vestland, anten over lengre tid eller i eit tidsavgrensa prosjekt.
Den/dei som får prisen bør vere rollemodellar, førebilete og til inspirasjon for andre. Prisen kan ikkje gjevast til ein offentleg aktør.
Kvifor ein frivilligpris?
Frivilligprisen til Vestland fylkeskommune skal motivere, synleggjere og verdsetje frivilligheita i fylket. Prisen skal synleggjere eigenverdien og samfunnsverdien til frivilligheita gjennom å løfte fram gode førebilete og eksempel på resultat av frivillig innsats.
Fylkeskommunen vil auke statusen til, interessa for og merksemda om frivillig arbeid. Prisen er del av fylkeskommunen sitt arbeid for å stimulera til mangfald, breidde og ein nyskapande frivillig sektor.
Slik nominerer du nokon til Frivilligprisen Vestland
Du kan nominere nokon til prisen via elektronisk nominasjonsskjema. Som del av nominasjonen, må du kome med ei god og skriftleg grunngjeving.
Slik kårar vi vinnaren
Målet med frivilligprisen er å skape engasjement og fremme organisasjonane bak dei nominerte. Ein breitt samansett jury skal vurdere dei nominerte kandidatane. Hovudutval for kultur, idrett og inkludering vert informerte om vinnaren av prisen.
Juryen – oppnemning og samansetning
- Juryen består av representantar frå frivillig sektor.
- Paraplyorganisasjonane for frivillig sektor er jury for prisen med ein representant kvar.
- Juryen konstituerer seg sjølv, og vel leiar blant dei jurymedlemmane som er valde.
- Juryen innstiller på prisvinnar til avdelingsdirektør for kultur, idrett og inkludering, som gjer endeleg vedtak.
- Juryen bør ha ei variert samansetjing med tanke på mellom anna alder, kjønn og kulturell bakgrunn.
- Juryen skal skrive ei grunngjeving om den/dei som vert innstilt til prisen.
- Fylkeskommunen er sekretariat for juryen.