Kulturkonferansen Vestland 2026
Kulturkonferansen Vestland er møteplassen for alle som er opptekne av kva rolle kulturen skal ha i samfunns- og næringsutviklinga. I år ser vi nærare på kulturnæringa og grunnlaget for henne i Vestland.
Vestland fylkeskommune inviterer til Kulturkonferansen 2026 i Bergen 13. november. Her ønskjer vi å samle aktørar frå kulturliv, næringsliv, akademia og offentleg forvalting til faglege samtalar, inspirerande innlegg og gode møte på tvers av sektorar. Konferansen finn stad på Grand Hotel Terminus. Dagen før, torsdag 12. november, vert Avspark Ibsen og OperaPub arrangert på same stad.
På årets konferanse ønskjer vi å setje søkjelyset på korleis vi utviklar kulturnæringa og grunnlaget for henne i Vestland. Vi undersøkjer utviklingstrekk og trendar i kulturnæringa, både i Noreg og internasjonalt. Vidare vil vi utforske korleis vi utviklar talent i Vestland. Kor lykkast vi eigentleg med å dyrke fram talenta våre, og kor må vi trappe opp innsatsen for at Vestland skal bli endå sterkare på kultur og kreativ næring? Bli med når vi utforskar desse spørsmåla saman med spennande stemmer frå kulturliv, næringsliv og forsking.
Program
-
Registrering og mingling
-
Velkomsthelsing
ved Jacob Nødseth og Kine Bratli Dale, leiar og nestleiar i hovudutval for kultur, idrett og inkludering i Vestland fylkeskommune. Dagens samtaleleiar: Sølve Rydland, politisk redaktør i Bergensavisen.
-
Tema: Kreativ næring i endring
-
Innlegg: Kreativ næring i den perfekte stormen
Stormen av teknologiske og samfunnsmessige endringar er over oss. I lys av den perfekte stormen presenterer professor Anne-Britt Gran status på kreativ næring i Noreg: økonomi, KI og utfordringar i talentutviklinga. Gran er professor ved Institutt for kommunikasjon og kultur, Handelshøyskolen BI og leiar av forskingssenteret BI Centre for Creative Industries.
-
Innlegg: Utfordringar og potensial i kreativ næring i Danmark
Martin Hegaard snakkar om kva Danmark lykkast med innan kreativ næring, korleis det er finansiert og organisert, kva vi kan lære i Noreg, og kva som ikkje utan vidare kan kopierast. Tema er mellom anna offentleg støtte, privat filantropi, risikovillig kapital, næringspartnarskap, internasjonale investeringar og skilnader i fondslandskap. Hegaard leiar for utval for kulturnæring, BARC Scandinavia (Business of Art and Culture), Danmark.
-
Pause
-
Innlegg: Kva kan vi lære av musikkbransjen i Sverige?
Linda Portnoff gir perspektiv på korleis Sveriges musikkindustri har utvikla seg, inkludert samspelet mellom offentleg og privat sektor, strukturane som har støtta den internasjonale suksessen, og utfordringane og moglegheitene som ligg framover. Ho vil også fortelje oss om Tangy Market og arbeidet i skjeringspunktet mellom musikk, teknologi og finans. Portnoff er PhD og leiar for Tangy Market, Sverige.
-
Samtale: Musikknæringa – behov og tiltak
Kva er behova og kva kan vere moglege tiltak for å utvikle musikknæringa i regionen vår? Samtale mellom Linda Portnoff, dagleg leiar i Tangy Market, Geir Luedy, dagleg leiar i Made Mangement, Tone Østerdal, spesialrådgjevar for politikk og myndigheitsdialog i Music Norway, Elise Hessevik, dagleg leiar i Buzzfond og Silje Wergeland, dagleg leiar i Beyond the Gates.
-
Samtale: Globale utfordringar, lokale løysingar
Kva for utfordringar er globale, og kva kan vi løyse på lokalt og regionalt nivå for å stimulere kreativ næring? Samtale mellom Anne-Britt Gran, professor ved Handelshøyskolen BI, Martin Hegaard, leiar for utval for kulturnæring, BARC Scandinavia, Siv Dyb Wangsmo, dagleg leiar i MER FILM AS, Peter W. Meldahl, dagleg leiar i Rain Games og Magnus Thomassen, dagleg leiar i Mediefondet Zefyr AS.
-
Lunsj
-
Minikonsert og samtale med Lindy-Fay Hella & Dei Farne
Lindy-Fay Hella er ein norsk songar, musikar og komponist, kjend som medlem av bandet Wardruna og som frontfigur i Lindy-Fay Hella & Dei Farne. Med seg har ho Roy Ole Førland og Sondre Veland. Lindy-Fay Hella & Dei Farne let seg inspirera av det mystiske i naturen. Det vi kan føle på oss, men ikkje alltid sjå.
-
Tema: Frå kulturskule til verdsscene – kor godt lykkast Vestland?
-
Innlegg: Rekruttering og utvikling
Kulturskolerådet ved Jon Raundalen, rektor på kulturskulen i Bergen kommune, presenterer arbeidet med ny modell for fordjupingstilbod i Vestland. Vestnorsk Jazzsenter ved Nina Torske, presenterer satsingar på talentområdet og prosjektet Jazzbalanse. Andreas Roaldsnes, UiB, fortel om rekruttering til talentutvikling og deltaking i kultur, om skilnader mellom kjønn og sosiale forhold som påverkar deltakinga. Hjørdis Losnedahl, leiar for Litteraturhuset i Bergen, presenterer talentutvikling på litteraturfeltet.
-
Pause
-
Samtale: Kva er vi gode på, og kva manglar vi i Vestland?
Samtale mellom Lisa Nøttseter, leiar av Bergen Dansesenter, Dipha Thiruchelvam, festivalsjef og dagleg leiar i Vill Vill Vest, Vegard Moberg, dagleg leiar i Give Music a Chance, Simone Stibbe, forlagssjef i Skald og Gitte Sætre, biletkunstnar og styreleiar i Bildende Kunstneres Forening Hordaland (BKFH).
-
Samtale: Frå prat til handling
Kva skjer med kulturnæringa når rammevilkåra endrar seg? Heng politikken og verkemiddelapparatet med i svingane? Samtale med Benjamin Jakobsen, Hordaland sin representant i Familie- og kulturkomiteen, Stortinget (AP), Reidar Digranes, byråd for næring, kultur og idrett, Bergen kommune (Sp), Silje Hjemdal, Hordaland sin representant i Arbeids- og sosialkomiteen, Stortinget (FrP) og Charlotte Spurkeland, byråd for barnevern, sosiale tjenester og mangfold, Bergen kommune (H).
-
Slutt
Om deltakarar på kulturkonferansen
Innleiarar
Anne-Britt Gran er professor i kulturanalyse og kulturpolitikk ved Handelshøyskolen BI, samt co-director for forskingssenteret BI Centre for Creative Industries (BICCI). Ho leiar for tida forskingsprosjektet creAIte, som handlar om korleis kunstig intelligens (KI) endrar kultursektoren, både skapingsprosessar, institusjonar og publikum sine preferansar (finansiert av NFR), og ho er medlem av MishMash – Center for AI and Creativity. Gran har forska breitt og tverrfagleg på tema som kulturpolitikk, teaterhistorie og -organisering, kultursponsing, kreativ næring, algoritmar og digitale skiljelinjer, sosiale medium og sjølvpresentasjon.
Martin Buck Hegaard er grunnleggjar og administrerande direktør i BARC Business of Art & Culture i Danmark. Han er ein erfaren forretningsleiar med brei kompetanse innan partnarskap, forretningsutvikling, innhaldsmarknadsføring og fellesskapsbygging. Hegaard arbeidar i skjeringspunktet mellom næringsliv og kultur, og har utvikla kulturverksemder gjennom partnarskap med privat sektor. Han har utvikla metoden «Relevance Design», som byggjer på ein kombinasjon av designtenking og moderne retorisk praksis, og har publisert delar av dette arbeidet i eit white paper om vekststrategiar og overgangen frå sponsoravtalar til kommersielle, kommunikative, katalytiske og transformative partnarskap.
Linda Portnoff har ein doktorgrad i rekneskap og finans, med ekspertise innan musikkbransjen og verdsetjing av immaterielle rettar (IP). Ho var tidlegare dagleg leiar i Music Sweden, der ho leidde nasjonale satsingar innan politikkutforming, interessepolitikk og eksport. Ho er nestleiar i styret ved Kungliga Musikhögskolan, tidlegare styremedlem i STIM, og grunnleggjar og dagleg leiar i Tangy Market. Linda er ein tiltrudd rådgjevar for styresmaktene når det gjeld Sverige sine eksportsatsingar innan kreativ næring, og ho er ein internasjonal hovudtalar og TEDx-føredragshaldar om tema som IP-økonomi, kulturell kapital og finansiering av kreativ næring.
Innleiarar om rekruttering og utvikling
Hjørdis Losnedahl er leiar for Litteraturhuset i Bergen. Ho er utdanna cand.mag. med litteraturvitskap, teatervitskap og mellomfag i fransk, og har tidlegare vore dagleg leiar i Bergen Internasjonale Litteraturfestival. Losnedahl har lang erfaring frå kultur- og festivalarbeid, mellom anna som prosjektleiar i Nordiske Mediedagar, som tilsett i Festspillene i Bergen og som administrasjonsleiar i Logen Teater.
Andreas Roaldsnes er gjesteforskar på Universitetet i Bergen og rådgjevar i Bergen kommune. Han har nyleg skrive doktorgrad om barn sin organiserte fritid og sosiale skilnader, med innsamla data frå Bergen kommune og Vestland fylkeskommune sitt barnefamiliepanel.
Nina Torske er dagleg leiar for Vestnorsk Jazzsenter sidan 2012, regionalt produksjons- og kompetansesenter for jazz på Vestlandet. Ho har hovudfag i vegetasjonshistorie, men skifta beite på 90-talet og har sidan arbeidd i norske jazzorganisasjonar, drive eiga bookingverksemd, og vore fylkeskommunal prosjektleiar på kulturminnefeltet (Møre og Romsdal). Nina brenn for rekruttering og utvikling, og er framtidsoptimist, både når det gjeld jazzfeltet og kunst-/kulturfeltet generelt.
Jon Raundalen er rektor på kulturskulen i Bergen kommune.
Artistar
Lindy-Fay Hella er ein norsk songar, musikar og komponist, kjend som medlem av bandet Wardruna og som frontfigur i Lindy-Fay Hella & Dei Farne. Ho spelte elektronisk musikk før ho var med på å starte Wardruna, som spelar eklektisk musikk inspirert av runer. I Wardruna sin Runaljod-albumtrilogi er Hella si stemme ein bærebjelke. I 2019 gav ho ut sitt første soloalbum, som var i sjangeren elektronisk pop. Seinare har ho gitt ut ytterlegare to soloalbum, under namnet Lindy-Fay Hella & Dei Farne. Hella vaks opp og er busett på Radøy utanfor Bergen.
Roy Ole Førland er musikar og pedagog med lang erfaring frå Den kulturelle skulesekken og Rikskonsertane. Gjennom ei rekkje produksjonar har han utforska møtet mellom musikk og lyrikk, og han skapar lydlandskap som opnar nye rom i tekstane. Han spelar òg med Lindy Fay Hella & Dei Farne, Hei Kalas og NATT, og har arbeidd med filmmusikk til ulike kortfilmar, dokumentarar og animasjonsfilmar. Han er busett i Bergen.
Sondre S. Veland er ein 33 år gammal profesjonell musikar frå Hosøy. Her starta han å tromme då han var 9 år gammal, og har sidan den gong utdanna seg ved Griegakademiet i Bergen, og har spelt, samt spelar med, diverse prosjekt som Wardruna, Major Parkinson, Dobbeltgjenger, Lindy-Fay Hella & Dei Farne og mange fleire.
Deltakarar i panelsamtalar
- Geir Luedy, dagleg leiar i Made Mangement
- Tone Østerdal, spesialrådgjevar for politikk og myndigheitsdialog i Music Norway
- Elise Hessevik, dagleg leiar i Buzzfond
- Silje Wergeland, dagleg leiar i Beyond the Gates
- Siv Dyb Wangsmo, dagleg leiar i MER FILM AS
- Peter W. Meldahl, dagleg leiar i Rain Games
- Magnus Thomassen, dagleg leiar i Mediefondet Zefyr AS
- Lisa Nøttseter, leiar av Bergen Dansesenter
- Dipha Thiruchelvam, festivalsjef og dagleg leiar i Vill Vill Vest
- Vegard Moberg, dagleg leiar i Give Music a Chance
- Simone Stibbe, forlagssjef i Skald
- Gitte Sætre, biletkunstnar og styreleiar i Bildende Kunstneres Forening Hordaland (BKFH)
- Benjamin Jakobsen, Hordaland sin representant i Familie- og kulturkomiteen, Stortinget (AP)
- Reidar Digranes, byråd for næring, kultur og idrett, Bergen kommune (SP)
- Silje Hjemdal, Hordaland sin representant i Arbeids- og sosialkomiteen, Stortinget (FrP)
- Charlotte Spurkeland, byråd for barnevern, sosiale tenester og mangfald, Bergen kommune (H)
Arrangement torsdag 12. november
Avspark Ibsen
Dagen før kulturkonferansen, torsdag 12. november kl. 13-17, inviterer vi til møteplassen «Avspark Ibsen», arrangementet som sparkar i gang arbeidet med markeringa av Ibsen-jubileet i 2028. Arrangementet er støtta av Nasjonalbiblioteket, og er gratis å delta på.
Les meir og meld deg på
Kveldsarrangement
Du er velkommen i bar Amundsen på hotellet for å mingle med andre konferansedeltakarar. Du kan også melde deg på OperaPub kl. 20. OperaPub er eit offentleg arrangement i regi av Bergen Nasjonale Opera og kan derfor bli fullt!
Målgrupper for Kulturkonferansen Vestland
Aktørar frå kulturliv, næringsliv, akademia og offentleg forvalting.
Overnatting
Deltakarane må ordne hotellrom sjølve.