Tilskot til kulturminne på verdsarvlista – Bryggen

Dette er ei tilskotsordning for sikring og istandsetjing av verdsarvstaden Bryggen i Bergen. Målet er å ruste opp Bryggen til eit nivå som er i samsvar med den høge statusen til kulturminnet, slik at ein kan halde fram skjøtselen med vanleg vedlikehald.

Private eigarar og forvaltarar av bygningar på verdsarvstaden Bryggen kan søkje om tilskot til slike tiltak:

  • istandsetting
  • sikringstiltak på bygningane, og prosjektering av istandsetting
  • felles driftsoppgåver

Søknadsfristen blir klar hausten 2020. Vi kjem tilbake med informasjon om dette.

Korleis søkjer du?

Du sender søknaden din til Vestland fylkeskommune på e-post til post@vlfk.no.

I emnefeltet i e-posten skriv du: «Bryggen – NAMN PÅ KULTURMINNE/BYGNING – PROSJEKTNR. («PB ...», dersom det er eit pågåande prosjekt med tildelt prosjektnr.) – søknad om tilskot frå statsbudsjettet 2021 kap. 1429 post 79».

  • Det er laga søknadsskjema i Excel, som skal nyttast for søknader som gjeld istandsetting og mellombels sikring. Krav til informasjon og dokumentasjon i søknadene går fram av søknadsskjemaet.
  • Søknaden må fyllast ut, lagrast og sendast inn som Excel-fil. Det skal sendast inn ei separat Excel-fil for kvart einskilt delprosjekt (eit istandsettingstiltak i Prosjekt Bryggen blir omtala som eit delprosjekt, det same blir andre tiltak).
  • Søknaden må innehalde budsjett, opplysningar om eigendel og eventuelle andre finansieringskjelder, og ei beskriving av tiltaket.
  • Det skal vere ein eigendel på minimum 10 prosent av kostnadene, dette gjeld òg naudsynt justering av sprinklaranlegget i samband med istandsettinga. Kostnader knytt til fundamentering blir dekt med inntil 100 prosent.
  • Søknadsskjema og brev om utlysing av tilskotsmidlar vert sendt eigarane på Bryggen i god tid før søknadsfristen. Her vert det gitt nærare opplysningar om krav til søknaden og rettleiing til søknadsskjemaet.
  • Rundskriv frå Klima- og miljødepartementet
  • Retningsliner for tilskot til verdsarven – Bryggen. Tilskotsordninga har særskilte retningsliner, som skal reviderast hausten 2020. Dei reviderte retningslinene vert sendt eigarane på Bryggen saman med brev om utlysing av tilskotsmidlar.
  • Det finst òg eigne retningslinjer for dokumentasjon og rapportering i istandsettingstiltak på Bryggen. Desse vert også sendt ut saman med brev om utlysing av tilskotsmidlar.

Tilskot frå Statsbudsjettet kap. 1429 post 79 Tilskot til verdsarven.