Spørsmål og svar - Tilskot til kultur og folkehelse

Her finn du svar på dei vanlegaste spørsmåla om tilskotsordningane innan kultur og folkehelse i Vestland fylkeskommune, etter at tilskotsforvaltninga vart gjort om vinteren/våren 2026.

Om endringane i tilskotsordningane

Vestland fylkeskommune byrja å jobbe med å leggje om tilskotsordningane hausten 2024, etter vedtak i hovudutval for kultur, idrett og inkludering. Målet var å gjere forvaltninga enklare og meir oversiktleg.

Endringane byrja å gjelde vinteren/våren 2026. Talet på ordningar er no vesentleg redusert, og dei er samla i tre hovudkategoriar: drift, nyskaping og investering.

  • Drift: Støtte til løpande aktivitet og drift for organisasjonar og institusjonar med regional eller nasjonal verdi.
  • Nyskaping: Tidsavgrensa prosjekt (vanlegvis 1–3 år) som utviklar eller testar nye idear, tilbod eller samarbeidsformer.
  • Investering: Langsiktige investeringar i bygg og anlegg som gir varige verdiar over tid.


Kven kan søkje, og kva kan ein få støtte til

Dette varierer mellom ordningane. Det kan til dømes vere

  • frivillige lag og organisasjonar
  • profesjonelle kulturinstitusjonar
  • kommunar eller interkommunale samarbeid

Som hovudregel kan eit tiltak ikkje få støtte frå fleire fylkeskommunale ordningar til same formål, med mindre noko anna er nemnt i retningslinjene. Offentleg støtte frå ulike aktørar kan likevel kombinerast.

Prosjektet må vere relevant for kulturlivet i Vestland. Det inneber at prosjektet anten har betydning utover éin kommune, og/eller at det bidreg til utvikling av kulturfeltet i Vestland gjennom kvalitet, eigenart, nytenking eller ved å styrkje samarbeid, kompetanse eller strukturar i feltet. Vi arbeider med å gjere dette omgrepet tydelegare. Ta gjerne kontakt med oss om du er usikker på om ditt tiltak har relevans for Vestland.  


Slik søkjer du

Du finn søknadsskjema for tilskot til kultur og folkehelse på sida for den enkelte tilskotsordninga. Her er oversikta over alle tilskotsordningane Vestland fylkeskommune har på feltet kultur og folkehelse. Gå til den tilskotsordninga du ønskjer å søkje på for informasjon om søknadsprosess, fristar, namn på kontaktpersonar og lenkje til søknadsskjema.

Ja. Skjemaa er justerte i tråd med omlegginga av ordningane, og kan opplevast annleis enn tidlegare år.

Nei. Alle søknader skal sendast digitalt via løysinga som er oppgitt for den enkelte ordninga.  

Ja, du kan mellomlagre søknadsskjemaet og fullføre det seinare.

Vi tilrår likevel at du lagrar søknadsteksten lokalt, til dømes i Word, medan du fyller ut skjemaet. Då har du ein kopi dersom noko skulle skje undervegs.

Når du vel mellomlagring, får du tilsendt ein kode på same e‑postadresse som du nyttar i søknaden. Det er viktig at du brukar den same e‑postadressa når du opnar skjemaet igjen, elles vil ikkje koden fungere.

Ver òg merksam på at e‑posten med koden kan hamne i søppelpost. Sjekk der om du ikkje finn han.

Mellomlagringa vert sletta etter 35 dagar dersom skjemaet har vore inaktivt i denne perioden.

Som hovudregel er tidlegare innsende søknader ikkje tilgjengelege for søkjar, men kan hentast fram ved førespurnad.


Søknadsfasen

Når søknadsfristen er ute, er det vanlegvis ikkje mogleg å endre søknaden. Ta kontakt med saksbehandlar snarast dersom du oppdagar feil.

Dersom du opplever problem, kan det skuldast linjeskift i tekstfelt. Ta bort linjeskifta og prøv igjen.

Du finn kontaktinformasjon til sakshandsamarar på nettsida til den aktuelle tilskotsordninga. Ta gjerne kontakt dersom du er usikker eller har spørsmål.


Fristar og behandling av søknaden

Fristane varierer mellom ordningane. Sjekk nettsida til den aktuelle ordninga. Søknadsfristen går ut klokka 24.00, dersom ikkje anna er oppgitt.

Søknader som kjem inn etter fristen, vert normalt ikkje behandla. I nokre tilfelle kan søknaden vurderast i neste runde.  

Som hovudregel kan du ikkje søkje utanom dei ordinøre fristane.  

Søknaden vert vurdert av avdeling for kultur og folkehelse etter gjeldande retningslinjer. Vedtak vert gjort av politisk utval eller administrasjonen etter delegert mynde.

Det vert mellom anna lagt vekt på formål, fagleg kvalitet, relevans for Vestland, gjennomføringsevne og berekraft. 

Normal saksbehandlingstid er inntil tre månader. I nokre ordningar vert vedtak gjort etter budsjetthandsaming.  

Du får skriftleg svar via Altinn.


Politisk handsaming og vedtak

Ja. Mange møte vert sende direkte på nett, og opptak vert lagde ut i etterkant.

Du finn både direktesendingar og opptak av mange politiske møte på nettsidene til Vestland fylkeskommune.

Alle politiske møte ligg i den politiske møtekalenderen til Vestland fylkeskommune. Mange tilskotssaker vert handsama månadleg i hovudutval for kultur, idrett og inkludering.  

Møteprotokollar med vedtak vert publiserte kort tid etter møtet i den politiske møtekalenderen på nettsidene våre.


Etter vedtak

  • Du må sende inn rapport og rekneskap i tråd med vilkåra i tilskotsbrevet.
  • Rapportering skjer via eige skjema på nettsida til ordninga.
  • Manglande rapportering kan føre til krav om tilbakebetaling, og at du ikkje kan søkje nye tilskot.
  • For utbetaling, sjå informasjon i tilskotsbrevet.
  • Ubrukte midlar skal som hovudregel betalast tilbake. Ta kontakt med saksbehandlar dersom dette er aktuelt.

Du kan klage på vedtaket etter reglane i forvaltningslova. Klagefristen er tre veker.