Tilskot til tiltak i statleg sikra friluftsområde

Tilskotsordninga skal medverke til å fremme friluftsaktivitet i statleg sikra friluftslivsområde. Midlane skal i all hovudsak nyttast til friluftsområde som blir intensivt brukt og som kommer store delar av befolkninga til gode. Nærområde og turvegar i og ved byar og tettstader, og område som har regional betyding blir derfor prioriterte.

Kven kan søkje?

Kommunar og interkommunale friluftsråd kan søkje. Ein frivillig organisasjon kan ta hand om den daglege drifta.

Kva kan du få støtte til?

Midlane skal nyttast til opparbeiding av området, tilrettelegging og skjøtsel i statleg sikra friluftsområdet.

Tilrettelegginga har følgjande hovudmål:

  • Minske dei fysiske hindringane for friluftsliv og leggje til rette for auka friluftsaktivitet.
  • Ivareta kvalitetar knytt til opplevingar i området, og leggje til rette for gode naturopplevingar.
  • Hindre at friluftsliv fører til unødige naturinngrep, slitasje og forstyrring på plante- og dyrelivet og øydelegging av kulturminne og kulturmiljø.

Aktuelle tiltak er til dømes informasjonstavler, opparbeiding av atkomstveg og parkeringsplass, turveg eller tursti, fiskeplassar, tiltak for tilgjengelegheit for personar med nedsatt funksjonsevne, badeplass, brygge, toalett, søppelstativ, formidling av kulturminner, tilplanting og skjøtsel.

Tilskotsordninga prioriterer friluftsområde som:

  • Ligg i og ved byar og tettstader.
  • Blir eller har potensial for å bli mykje brukt.
  • Ligg i område med lite tilgjengeleg strandsone og stort press på areala.
  • Ligg nær innlandsvassdrag.

For å få tilskot må tiltaket inngå i ein gjeldande og godkjent forvaltningsplan. Forvaltningsplanen skal vere utarbeida etter Miljødirektoratets «Mal for forvaltningsplan for statlig sikret friluftslivsområde». Unntak frå kravet om bruk av mal gjerast der kommune eller friluftsråd på eige initiativ har utarbeida ein forvaltningsplan inneheld dei opplysningane som ein ber om i malen. Fylkeskommunen godkjenner forvaltningsplanen og kan stille vilkår for gjennomføring av tiltaket.

Vestland fylkeskommune handsamar søknadene innafor ei budsjettramme fastsett av Miljødirektoratet.

Midlane skal nyttast i varig sikra friluftsområde. Det vil seie friluftsområde som er sikra med statleg medverknad til erverv eller bruksrett (www.naturbase.no). For å få tilskot må tiltaket inngå i ein gjeldande og godkjent forvaltningsplan knytt til tilrettelegging av statleg sikra friluftslivsområde.

Forvaltningsplanen skal vere utarbeida etter Miljødirektoratets «Mal for forvaltningsplan for statlig sikret friluftslivsområde». Unnatak frå kravet om bruk av mal gjerast der kommune eller friluftsråd på eige initiativ har utarbeida forvaltningsplan. Det er da ein føresetnad at planen inneheld dei opplysningane som ein ber om i malen. Statsforvaltaren godkjenner forvaltningsplanen. Fylkeskommunen kan stille vilkår for gjennomføring av tiltaket.

Godt kvalifiserte søknader kan bli heilt eller delvis avslått grunna manglande budsjettmidlar.