Sende faktura til Vestland

Alle faktura til Vestland fylkeskommune må sendast elektronisk i EHF-format. Alle einingar under Vestland fylkeskommune skal opprettast som kunde på vårt hovudorganisasjonsnummer, 821 311 632.

Det er svært viktig at du stilar fakturaen til Vestland fylkeskommune. Plasser eininga/avdelinga/seksjonen der vara eller tenesta er levert i feltet for leveringsadresse på fakturaen.

  • Elektroniske fakturaadresse: 9908:821311632
  • Aksesspunkt: Visma

Nettbasert fakturaportal

Mange små og mellomstore bedrifter har ikkje eit eige fakturasystem som kan produsere elektronisk faktura direkte. Eit alternativ er å registrere faktura i ein nettbasert fakturaportal. Oversikt over ulike portalar finn du på Difi sine sider:

https://www.anskaffelser.no/verktoy/veiledere/fakturasystemer-som-kan-levere-elektronisk-handelsformat-ehf

Merking av faktura

Dersom fakturaen er basert på ein ordre frå vårt bestillingssystem skal eit ordrenummer (åtte siffer, som startar med 13…) plasserast i feltet «kundens ordrenummer». «Kundens ordrenummer» må stå tomt dersom fakturaen ikkje er basert på ein ordre, slik at den elektroniske flyten ikkje blir forseinka.

  • «Ordrenummer» i xml-fila: OrderReference/ID

Dersom fakturaen ikkje har opphav i ein ordre frå vårt bestillingssystem skal fakturaen merkast med eit fem- eller sekssifra ressursnummer oppgitt av bestillar. Dette skal plasserast i feltet «Deres referanse», som er eit obligatorisk felt i EHF-standarden.

  • «Deres referanse» i xml-fila: cbc:AccountingCost eller cbc:BuyerReference

NB! Ingen tilleggsinformasjon skal plasserast i desse felta, berre desse siffera. Faktura som manglar merking vert returnert.

Betalingsvilkår

Vi har betalingsfrist på 30 dagar frå fakturadato. I dei tilfella der vi ikkje har motteke EHF-faktura, skal krav om rente og gebyr dokumenterast med ei leveringskvittering frå dykkar aksesspunkt. Der må dato og tidspunkt for overføringa vere stadfesta.