Kulturpris for Vestland
Vestland fylkeskommune kan kvart år dele ut ein kulturpris på 50 000 kr. Fristen for å nominere kandidatar til kulturprisen for 2026 er 1. oktober.
Kulturprisen kan gå til personar, lag og organisasjonar som
- har vore ein spydspiss i kunst- og kulturlivet i fylket, og bidrege til å syne fram Vestland som leiande kulturregion
- viser kulturinnsats utover det vanlege, og med tyding for heile eller ein større del av fylket
- viser kreativitet og evne til nyskaping og/eller har gjort ein særleg innsats i å ivareta og formidle kulturarven
Prisen skal vere til inspirasjon for aktørar som står sentralt i arbeid med å halde ved like og vidareutvikle det kulturelle mangfaldet i fylket.
Hovudutval for kultur, idrett og inkludering justerte retningslinjene for prisen 16. september 2026. Dette var ikkje ein full revisjon, og kriteria for tildeling av prisen (dei tre kulepunkta over) er uendra.
Slik nominerer du nokon til kulturprisen for Vestland
Du sender nominasjonen din via eit digitalt skjema. Der du må grunngje kvifor du meiner den eller dei du nominerer, fortener prisen. Du kan ikkje nominere deg sjølv.
Dette får prisvinnaren
Kulturprisen for Vestland er på 50 000 kr. I tillegg får kulturprismottakaren eit diplom eller anna høveleg teikn på kulturprisen.
Nominasjonsfrist
1. oktober 2026
Slik behandlar vi innkomne nominasjonar
Hovudutval for kultur, idrett og inkludering avgjer om prisen skal delast ut, og kven som skal få han.
Direktør for kultur og folkehelse vurderer dei innkomne kandidatane til fylkeskulturprisen opp mot føremålet og kriteria for prisen. Administrasjonen skal peike på ein eller fleire kandidatar som etter ei fagleg vurdering er særleg aktuelle for prisen.