Tilskot til kulturminne på verdsarvlista – Vestnorsk fjordlandskap – delområde Nærøyfjorden

Dette er ei tilskotsordning for privatpersonar og stiftingar som eig og forvaltar kulturminne i Vestnorsk fjordlandskap – delområde Nærøyfjorden.

Korleis søkjer du?

Du sender søknaden din til Vestland fylkeskommune anten på e-post til post@vlfk.no eller som brev til Vestland fylkeskommune, Postboks 7900, 5020 Bergen.

I emnefeltet/overskrifta i e-posten/brevet skriv du: «NAMN PÅ KULTURMINNE/BYGNING – Søknad om tilskot frå statsbudsjettet 2021 kap. 1429 post 79»

Søknadsfrist

Søknadsfristen blir klar hausten 2020. Vi kjem tilbake med informasjon om dette.

Retningsliner

Rundskriv frå Klima- og miljødepartementet

Råd og rettleiing i samband med søknad

Kvar søknad kan handle om eitt kulturminne. Du kan søkje om tilskot til fleire kulturminne, men då må du sende inn ein søknad per kulturminne.

Søknad om tilskot skal innehalde

  • namn på kulturminne
  • namn og kontaktperson på søkjar
  • skildring av skaden som skal utbetrast
  • skildring av korleis istandsetjinga skal gjennomførast
  • budsjett for arbeidet som skal gjerast
  • finansieringsplan for istandsetjinga

Følgjande vedlegg må liggje ved søknaden

    • Foto som syner skaden som skal setjast i stand. Her er det viktig at du legg med både oversiktsbilete som syner skaden på bygningen og detaljfoto.
    • Kostnadsoverslag frå kvalifisert handverkar
    • Dokumentasjon på handverkar sin erfaring med istandsetting av kulturminne
    • Fullmakt frå eigar dersom søkjar er ein annan enn eigar. Der det er fleire eigarar av bygningen, må det leggast med fullmakt frå dei andre eigarane.

Finansieringsordning

Tilskot frå statsbudsjettet kap. 1429 post 79 Tilskot til verdsarven.