Regional klimaplan for Vestland
Vestland fylkeskommune har starta arbeidet med ein regional klimaplan for fylket. På denne sida legg vi ut informasjon og oppdateringar om arbeidet.
(trykk på pila for å utvide)
Medverknad vil vere eit stikkord i arbeidet med den nye klimaplanen. Undervegs ønskjer vi innspel frå innbyggjarar i fylket, lag og organisasjonar, næringsliv, kommunane og andre.
Fylkeskommunen er også med i fleire FoU-prosjekt for å auke kunnskapen og styrke prosessane for å lukkas med ei klimaomstilling. Desse vil du kunne lese om her, og finne nyttige rapportar og andre resultat.
Kva meiner DU er viktig?
Vi har laga ei uformell spørjeundersøking om klimaplanen. Vi ønskjer å vita kva tema du meiner er viktig at vi inkluderer i ein ny regional klimaplan.
Kvifor ein klimaplan?
Fylkestinget vedtok 29. september 2020 Utviklingsplan for Vestland 2020-2024, som set strategisk retning for utviklinga i fylkes dei neste fire åra. Utviklingsplanen set seg særs ambisiøse mål, mellom anna at klima og miljø skal vere premiss for samfunnsutviklinga i Vestland.
Strategiane for å nå dette målet inkluderer mellom anna at Vestland skal vere pådrivar for klimaomstilling og nullutslepp innan 2030. For at vi skal nå både måla i utviklingsplanen og dei internasjonale forpliktingane Noreg har på klimafeltet, lagar vi no ein klimaplan for Vestland. Dette for at fylket skal posisjonere seg som leiande i klimaomstillinga og grøn verdiskaping.
Planprosessen startar vinteren 2020.
Kva skal vi gjere?
Her vil vi legge ut fleire detaljar om planprosessen og vedtatt planprogram.
Viktige tema
Her vil vi legge ut meir om tema som skal vere med i planen etter kvart som dei er klare.
Gjeldande planar
Inntil ein ny klimaplan vert vedtatt i Vestland, gjeld dei eksisterande klimaplanane i dei to gamle fylka for kvart sitt geografiske område.