Tilskot til sikring, istandsetjing og vedlikehald av freda og verna fartøy

Tilskotsordninga er eit bidrag frå det offentlege for å støtte arbeidet med fartøyvern. Slik bidreg fylkeskommunen til at verna og freda fartøy kan setjast i stand og haldast ved like etter antikvariske retningsliner.

Fartøy utgjer ein viktig del av den norske kulturarven, og Vestland er det fylket i landet med flest freda og verneverdige fartøy.

Fartøyvern er eit fagområde der frivillige, lag og organisasjonar tek på seg eit stort fagleg og økonomisk ansvar.

Du kan lese meir om tilskotsordninga på nettsidene til Riksantikvaren.

Kven kan søkje?

Eigarar av verna og freda fartøy.

Kva gjev vi støtte til?

Konkrete tiltak innan

  • sikring
  • istandsetjing
  • vedlikehald

Søknadsfrist

1. november 2020

Finansiering

Fylkeskommunane overtok frå 2020 ansvaret for å behandle søknader om tilskot til fartøyvern. Pengane er løyvde over statsbudsjettet, kap. 1429 post 74.