Tilskot til kulturarenaer med regionale funksjonar

Tilskotsordninga skal bidra til utvikling av kulturbygg og kulturarenaer med regionale funksjonar og verdi. Søknadsfristen er 30. april.

Kulturarenaer med regionale funksjonar i Vestland kan søkje på ordninga. Kulturarenaen skal ha verdi, storleik og nedslagsfelt som dekker behov  utover kommunegrenser, eventuelt også utover fylkesgrensene.  

Midlane kan nyttast til nybygg, ombygging og moderniseringmen ikkje til vedlikehald eller drift. Du finn meir informasjon i retningslinjene.

Kven kan søkje? 

Kommunarfylkeskommune, selskap, stiftingar, organisasjonar og andre samanslutningar kan søkje om tilskot frå ordninga 

Tiltak eller organisasjonar der føremålet er økonomisk vinning for organisasjonen eller privatpersonar får ikkje tilskot.

Søknadsfrist 

Den årlege søknadsfristen er 30. april. Fylkestinget gjer vedtak om tilskot i desember, som del av budsjettvedtaket for komande år.  

Tilskot til kulturarenaer med regionale funksjonar er finansiert av Vestland fylkeskommune. Fylkeskommunen lyser også ut ei anna tilskotsordning til kulturbygg. Denne er finansiert gjennom spelemidlar og har lokal søknadsfrist i kommunane.   

Tiltaket må stette krava til søknaden og føremålet i ordninga. Fordelinga av tilskot blir gjort etter ei heilskapleg vurdering av søknadene. I vurderinga av søknadene legg vi mellom anna vekt på:

  1. i kva grad tiltaket har regional verdi, funksjonar og/eller nedslagsfelt
  2. i kva grad tiltaket bidreg til utvikling av kulturlivet i fylket
  3. om tiltaket kan kople saman aktørar og stimulere til samarbeid på tvers 
  4. kvaliteten på søknaden og prosjektet
  5. fordeling av midlane i høve geografi og sjanger
  6. tidspunkt for første gong det er søkt om midlar til kulturarenaen 

 

Omgrepet regional viser her til to hovudkriterium:  

  • Geografisk kriterium (geografisk nedslagsfelt og verkeområde). Om arenaen og tiltaket omfattar fleire kommunar. 
  • Funksjonskriterium. Om arenaen og tiltaket har regional funksjon i kraft av oppdrag, storleik, fagleg tyngd, kvalitet og særpreg. 

Alle tilrådde tiltak / prosjekt skal ha regional verdi – geografisk og / eller funksjon. Vestland fylkeskommune definerer kva som er kulturarenaer med regionale funksjonar og verdi. 

Du sender inn søknaden via elektronisk søknadsskjema til Vestland fylkeskommune. Søknaden skal innehalde opplysningar om føremålet med og gjennomføringa av tiltaket.  

Desse vedlegga skal følgje med søknaden: 

  • Skriftleg presentasjon av tiltaket, med framdriftsplan og ei vurdering av behovet for nybygg, ombygging og/eller modernisering. 
  • Budsjett for tiltaket, med detaljert kostnadsoverslag og finansieringsplanDokumentasjon på eventuelle tilsegn om finansiering skal ligge ved søknadenSøknadssummen kan utgjere inntil 1/3 av totalkostnaden for prosjektet.   
  • Teikningar av kulturbygget eller utandørs kulturarena.  
  • Vedtekter for bruk av bygning/arena, om eigar av arenaen ikkje er ein kommune.  
  • Plan for bruk, drift og forvaltning av kulturarenaen. 
  • Dokumentasjon på rett til bruk av eigedom/anlegg i minimum 20 år, t.d. grunnbok med tinglyste rettar via Kartverket.   
  • Det er ein fordel om det ligg ved uttale frå kommunen der kulturarenaen er plassert som gjeld behovet for nybygg, ombygging eller modernisering og/eller utdrag frå kommunal plan eller politisk vedtak som slår fast dette behovet.   

Søknad om tilskot til regionale kulturarenaer i Vestland er ein del av budsjettprosessen for følgjande år. Fylkestinget i Vestland fylkeskommune gjer endeleg budsjettvedtak i desember. Vi sender ut tildelingsbrev/brev om avslag i løpet av januar.