Søk drosjeløyve
Eit drosjeløyve gir deg rett til å drive drosjetransport mot vederlag, og er ei godkjenning frå styresmaktene om at du oppfyller krava til å drive drosjetransport.
Vilkår for å få drosjeløyve – kva for dokumentasjon skal du levere?
Alle som vil drive persontransport mot vederlag (betaling) utanfor rute, med motorvogn registrert for inntil 9 personar, må ha drosjeløyve. Det gjeld også dei som tilbyr drosjetenester via digitale plattformer.
Du kan søke om så mange drosjeløyve du vil. Kvart løyve kostar 3700 kroner og kan berre bli brukt i drosjebilar.
Vi stiller tre generelle vilkår for å kunne få drosjeløyve:
- fast og varig verksemd i Noreg
- god vandel
- tilfredsstillande økonomisk evne
1. Du må drive fast og varig verksemd i Noreg
Det betyr at du må ha registrert eit føretak i Einingsregisteret og fått tildelt eit føretaksnummer/organisasjonsnummer før du fyller ut søknaden.
Sjå Brønnøysundregistera for meir informasjon.
Registrer føretak på Brønnøysundregisteret sine nettsider
2. Du må ha god vandel
Det betyr at du må ha ein politiattest både for føretaket ditt og for innehavar/dagleg leiar. Dersom føretaket har ein transportleiar, er det transportleiar som treng politiattest. Du må ha politiattestane klare før du fyller ut søknaden, og attestane skal ikkje vere eldre enn tre månader.
Har du enkeltpersonføretak (ENK) skal du ikkje sende inn politiattest for føretaket.
Dersom du er dømt for noko eller har fått førelegg, må du også ha kopi av dommen/førelegget før du fyller ut søknaden. Kontakt den aktuelle domstolen/det aktuelle politidistriktet for å få kopi av dom/førelegg.
Sjå politiet sine nettsider for meir informasjon.
- Søk om politiattest for føretaket
- Søk om politiattest for innehavar/dagleg leiar eller transportleiar
3. Du må ha tilfredsstillande økonomisk evne
Det betyr at vi må hente inn attest for skatt og meirverdiavgift («skatteattest») og stadfesting frå Konkursregisteret for føretaket ditt. Desse attestane hentast automatisk viss du gjer oss samtykke til det i søknaden.
Dersom føretaket ditt er nytt, det vil si oppretta for mindre enn tre månader sidan, må vi og ha skatteattest og stadfesting frå Konkursregisteret for dagleg leiar.
Frå 1. januar 2023 må du stille garanti for drosjeløyve. Kr. 53 000 for fyrste løyve og kr. 26 000 for dei resterande. Garanti må sendast til fylkeskommunen før du kan få ut løyvedokument.
Kva skjer etter at du har søkt?
Når du har sendt inn søknaden, vil fylkeskommunen der føretaket ditt er registrert, gå gjennom søknaden og vedlegga og sjå om du oppfyller vilkåra for å få drosjeløyve. Er vilkåra oppfylt, vil du få tilsendt faktura og eit vedtak så fort dei er ferdige. Løyvedokument blir ikkje sendt før faktura er registrert som betalt i fylkeskommunen sitt økonomisystem.
Du vil og få tilsendt eit skjema for eigenerklæring om driftsvilkår for drosjeløyve som du må fylle ut og sende tilbake til oss saman med dokumentasjon før du kan sette løyve i drift.
Du må sette deg inn i krava som gjeld når du har fått drosjeløyve.