Tilskot til brannsikring av tette trehusmiljø
Brann er ein stor trussel for tette trehusmiljø. Tilskotsordninga skal bidra til den nasjonale målsetjinga om at uerstattelege nasjonale kulturverdiar ikkje skal gå tapt i brann. Søknadsfrist for 2021 blir klar seinare.
Brannutsette, tette trehusområde med kulturhistorisk verdi er ein type verneverdige kulturmiljø vi finn spreidd over heile landet. I Vestland er det definert 30 tette trehusområde som har rett til å søkje tilskot til brannsikring.
Oversikt over trehusområda i Vestland som har rett til å søkje tilskot til brannsikring.
Kven kan søkje?
Eigarar av bygninger/anlegg i dei 30 tette trehusområda kan søke tilskot. Kommunar med tette trehusområde kan også søke tilskot.
Tiltaka som får støtte, må vere fellestiltak som styrker brannsikringa i heile området. Kommunar og brannstell med ansvar for brannsikring i tette trehusområde, kan søkje tilskot. Eigarar eller brukarar av bygningar/anlegg i dei tette trehusområda kan søkje tilskot dersom tiltaka omfattar alle eigedommane innanfor området.
Ein kan som hovudregel ikkje søkje om brannsikringstiltak som berre gjeld ein enkelt eigedom i brannsmitteområdet.
Kva kan du få støtte til?
Fylkeskommunen fordeler midlane innanfor fylgjande hovedkategoriar:
- Oppdaga brann
- Hindre spreiing av brann
- Enkel sløkking
- Utarbeide brannsikringsplan
Korleis søkjer du?
Vi har laga eit søknadsskjema i Excel som du fyller ut og sender anten på e-post til post@vlfk.no eller som brev til Vestland fylkeskommune, Postboks 7900, 5020 Bergen.
Søknadsfrist
Søknadsfrist for 2021 blir klar seinare.