Tilskot til verna kulturminne

Tilskotsordninga tek sikte på å gje tilskot til istandsetting av verneverdige kulturminne prioritert av kommunane, regulert til bevaring/omsynssone, vern eller vurdert av fylkeskommunen til å ha høg regional verdi. Søknadsfristen er 15. mars.

Det overordna målet er å sikre kulturminneressursane i regionen som vitskapeleg kjeldemateriale og grunnlag for nolevande og framtidige generasjonars oppleving, sjølvforståing, trivsel og verksemd. Føremålet med tilskotsordninga er å minimalisera tapet av verneverdige kulturminne, gjennom å støtte kommunar som tek ansvar for å identifisere, verdsetje og forvalte verneverdige kulturminne i tråd med nasjonale og regionale mål. Ordninga skal stimulere til auka innsats på kulturminnefeltet og styrke vern av prioriterte kulturminne av lokal og regional verdi.

Varigheit

Tilskotet gjeld tildelingsåret og det påfølgjande året.

Kven kan søkje?

Kommunar i Vestland fylke og eigarar av regionalt verdifulle kulturminne registrert i kulturminnedatabasen Askeladden.

Kommunane kan berre søke tilskot til faste kulturminne i Vestland som enten er

  1. prioriterte i kommunal kulturminneplan
  2. regulerte til bevaring/omsynssone etter plan- og bygningslova
  3. vurderte av fylkeskommunen som kulturminne av høg regional verdi

Tiltak som stettar fleire av dei tre kriteria vert prioriterte.

Tilskot skal i første rekke nyttast til konkrete vernetiltak på bygningar og anlegg. Tilskot kan også nyttast til andre tiltak i handlingsplan til kulturminneplan som kurs og formidling.

Rammetilskotet til kommunane vert tildelt etter fylgjande prioriteringar:

A. Det tel positivt om det er etablert kommunal tilskotsordning for kulturminne.

B. Om kommunen har eigedomsskatt, vert det rekna som positivt om kommunen gjev fritak for bygningar med historisk verde. 

C. Kulturminnet sin verdi og viktigheit av tiltaket.

D. God framdrift- og finansieringsplan, samt lokal forankring.

  • Tiltak på kulturminne i statleg, fylkeskommunalt eller kommunalt eige
  • Tiltak på freda kulturminne
  • Ordinær vedlikehald og drift
  • Kommunal sakshandsaming knytt til ordninga

Det vert ikkje gjeve tilskot til kommunar som finansierar eiga forvaltning av ordninga med avgift pålagt brukarane.

Søknaden må innehalde ei kort skildring av tiltaket, med finansiering- og framdriftsplan, etter følgjande prioriteringar:

  1. Etablert kommunal tilskotsordning for kulturminne
  2. Om kommunen gjev fritak for eigedomskatt på bygg med historisk verdi
  3. Kulturminnet sin verdi sett i samband med tiltaket
  4. God framdrifts- og finansieringsplan, samt lokal forankring

Tildeling føreset minst 50 prosent kommunal eller anna finansiering av tiltaket. I særlege høve kan kravet fråvikast.

Tiltaka skal fylgje antikvariske retningsliner. Utførande handverkarar må ha utdanning eller realkompetanse innan bygningsvern og kunne vise til erfaring frå tilsvarande prosjekt.

Kommunane skal rapportere til fylkeskommunen innan 1. februar året etter dei fekk tilskotet.

Rapporten skal innehalde

  • utgreiing av gjennomførte tiltak og eventuelle avvik frå planen for tiltaket
  • oversikt over kostnadar og finansiering for kvart tiltak

Revisoren til fylkeskommunen skal ha rett til tilkomst til tiltaket og innsyn i rekneskap og dokumentasjon i slik grad som fylkeskommunen og revisor finn naudsynt av kontrollomsyn. Administrasjonen kan gje utsetjing frå kravet om frist for innlevering av sluttrapport ved særlege høve.

Misleghald

Dersom tiltaka ikkje vert gjennomførte, eller det ligg føre vesentlege avvik, skal tilskotsmidlane førast attende til fylkeskommunen.

Part eller andre med rettsleg klageinteresse kan klage på vedtaket innan tre – 3 – veker. Fristen vert rekna frå den dagen søkjar har motteke melding om vedtaket. Den fylkeskommunale klagenemnda er klageinstans, og klagen skal sendast til Vestland fylkeskommune. Ein klage må innehalde opplysningar om kva vedtak det vert klaga på, årsaka til klagen, og kva endringar ein meiner bør gjerast.

Vi gjer merksam på at søkjarar etter forvaltningslova har rett til å gjere seg kjende med dokumenta i saka med dei avgrensingane som følgjer av §§ 18 og 19.