Drifttilskot til regionale og nasjonale kulturminne i Vestland

Tilskot til drift av kulturminne skal stø opp om det store arbeidet frivillige lag og organisasjonar i heile Vestland tek på seg for å ta vare på den felles kulturarven vår. Tilskotsordninga er retta mot frivillige kulturvernorganisasjonar, som forvaltar faste kulturminne av høg regional eller nasjonal verdi i Vestland.

Med drift meiner vi det å halde i gang ein organisasjon, institusjon eller liknande. Drifta skal bidra til at allmenta kan delta i opplevingar og bruk av kulturminne samt bidra til vedlikehald og skjøtsel av dei. 

Den årlege søknadsfristen for å søkje driftstilskot er 1. november.

Desse kan søkje

  • frivillige organisasjonar i Vestland fylke med ei demokratisk oppbygging
  • stiftingar og ideelle aksjeselskap med ansvar for vedlikehald og/eller formidling av faste kulturminne av høg regional eller nasjonal verdi i Vestland

I særskilde tilfelle kan private eigarar søkje om driftstilskot, etter ei fagleg tilråding frå Vestland fylkeskommune. Den faglege vurderinga vil legge til grunn fylgjande moment: 

  • omfang/kompleksitet av vedlikehald
  • høg kulturminneverdi/låg bruksverdi 
  • om kulturminnet vert tilgjengeleg for allmenta som fellesgode

Alle frivillige organisasjonar, lag og grupper må vere registrerte i Frivillighetsregisteret i Brønnøysund og ha organisasjonsnummer. Søkjar må legge ved rekneskap og rapport for føregåande år, i tillegg til budsjett for inneverande år. 

Slik søkjer du

Det er laga eit eige elektronisk søknadsskjema som skal nyttast når du søkjer om driftstilskot.

Søkjar må gje kontaktinformasjon som namn, adresse, telefonnummer og organisasjonsnummer/personnummer. Søknaden må innehalde ei skildring av kva du søkjer om støtte til. Eventuelle samarbeidspartar må synleggjerast. Naudsynte vedlegg slik som arbeidsplan og budsjett må følgje søknaden, eller ettersendast dersom dei ikkje er klare på søknadstidspunktet (t.d. årsmelding og rekneskap). Søknaden må innehalde tilstrekkeleg informasjon/dokumentasjon og minst gjere greie for følgjande:

  • vernestatus for kulturminnet
  • behov for driftstilskotet og målsetnad
  • plan for gjennomføring og bruk av midlane
  • punktvis søknad om stønad til konkrete utgifter til forvaltings- eller driftsoppgåver
  • finansieringsplan og detaljert budsjett (skal nyttast til seinare rapportering)
  • effekt av tilskotet for ålmenta

Søknaden skal vere signert av ansvarleg søkjar. Dersom andre enn eigar er søkjar, skal søknaden også vere signert av eigar eller rett representant for eigar. Dersom søknaden er mangelfull, kan det verte høve til å rette dette innan ein nærare fastsett frist. Dersom manglane ikkje er retta innan fristen, kan søknaden verte avvist. For å få tilskot er det ein føresetnad at søknaden fell inn under målet for ordninga. Ved fordeling av tilskot skal fylkeskommunen gje ei samla fagleg vurdering av søknaden.