Munnleg og munnleg-praktisk privatisteksamen
Munnleg og munnleg-praktisk privatisteksamen har, i dei fleste fag, ein førebuingsdel på 20 til 45 minutt.
Du skal trekkje ei oppgåve som du skal arbeide med i førebuingstida.
I førebuingstida kan du bruke alle hjelpemiddel, også internett og kommunikasjon. Du må sjølv ha med deg hjelpemidla du ønskjer å bruke. I førebuingstida skal du vere på eit eige førebuingsrom. Det skal vere stille på førebuingsrommet.
Internett i førebuingstida
Dersom du ønskjer å bruke internett i førebuingstida, vil du få tilgang til trådlaust nettverk. For å logge deg på nettverket, må du bruke ein kode du får på sms, du må difor ha med deg mobil om du vil bruke internett i førebuingstida.
Slutt på leselister
Ordninga med leselister er avvikla.
Hjelpemiddel på eksamen
På munnleg og munnleg-praktisk eksamen kan du berre bruke notat frå førebuingstida.
Om du har med pc på eksamen, skal skjermen vere synleg for sensor og eksaminator under heile eksamen.
Praktiske øvingar i naturfag, biologi, kjemi og fysikk
MERK! Oppdaterte lister over øvingar blir publiserte innan 20. september 2026.
På munnleg-praktisk eksamen i naturfag, kjemi, fysikk og biologi skal du gjere praktiske øvingar.
Alle måla i læreplanen er utgangspunkt for kva du kan blir spurt om på eksamen. Nedanfor finn du lister over kva som kan vere aktuelt som det praktiske innslaget på eksamen.
Du må vere budd på å bli eksaminert i variantar av øvingane du finn på listene. Det vil bli lagt vekt på at du kjenner utstyret og kan gjere greie for det som skjer.
Relevante tabellar og formlar vil vere tilgjengelege på eksamen.
Naturfag
NAT1008 vg1 Bygg- og anleggsteknikk
NAT1010 vg1 Frisør, blomster, interiør og eksponeringsdesign
NAT1011 vg1 Helse- og oppvekstfag
NAT1012 vg1 Handverk, design og produktutvikling
NAT1013 vg1 Informasjonsteknologi og medieproduksjon
NAT1015 vg1 Restaurant- og matfag
NAT1016 vg1 Sal, service og reiseliv
NAT1017 vg1 Teknologi- og industrifag
Biologi
Fysikk
Kjemi
Særskild for REA3042 geofag 1 og REA3044 geofag 2
Frå hausten 2026 skal kandidatane ikkje lenger levere feltrapport på papir. Feltarbeid er framleis obligatorisk å gjennomføre, og du må rekne med å kunne bli spurt om temaet for feltarbeidet på eksamen.