Tilskot til inkludering og mangfald 2020

Målet med tilskotsordninga er å stimulere til brei samfunnsdeltaking og å bygge ned hinder som stengjer for dette. Ordninga skal bidra til å motverke utanforskap, og stimulere til variasjon og mangfald i tilbod og aktivitetar.

Gjennom ordninga skal vi også fremme kunnskap om og respekt for ulike kulturar, demokrati og menneskerettar. Tilskotsordninga skal bidra til å bygge opp under fylkeskommunen sine mål og arbeid på området inkludering og mangfald.

Fristen for å søkje tilskot er 15. mars 2020.

Kven kan søkje?

  • Frivillige organisasjonar med demokratisk oppbygging
  • Institusjonar som arbeider innan inkludering og mangfald på regionalt nivå, og som har heile eller store deler av Vestland fylke som sitt arbeidsområde

Enkeltpersonar eller politiske organisasjonar kan ikkje søkje om tilskot frå ordninga.

Kva kan du få støtte til?

Frivillige organisasjonar med demokratisk oppbygging og institusjonar kan få støtte til arbeid med inkludering og mangfald.

Kor mykje kan du søkje om?

Det er ikkje avgrensingar på søknadssum. Det fylkeskommunale tilskotet skal som hovudregel ikkje overstige 50 prosent av totalkostnadane.

Det er utarbeidd eige elektronisk søknadsskjema som skal nyttast for ordninga. Søkjar må gi opp kontaktinformasjon som namn, adresse, telefonnummer og organisasjonsnummer.

Søknaden må innehalde ei skildring av kva det vert søkt støtte til og meir utfyllande prosjektomtale som vedlegg. Eventuelle samarbeidspartar må synleggjerast. Naudsynte vedlegg slik som arbeidsplan og budsjett må følgje søknaden, eller ettersendast dersom dei ikkje er klare på søknadstidspunktet (t.d. årsmelding og rekneskap).

Søkjar må vere fylkesdekkande, eller i det minste dekke store delar av fylket (regionalt nedslagsfelt). Det vert lagt vekt på at søkjar skildrar og dokumenterer aktiviteten sin innan inkludering og mangfald ved å vise til korleis dei arbeider for å

  • bygge ned stengsel for aktiv samfunnsdeltaking
  • motivere til aktiv samfunnsdeltaking og motverkar utanforskap
  • stimulere til mangfald i tilbod og aktivitetar
  • fremje kunnskap og respekt for ulike typar kulturar, demokrati og menneskerettar

Fylkeskommunen legg FN sine berekraftsmål til grunn i sitt planarbeid. Berekraftsmåla skal bidra til ein balanse mellom økonomisk utvikling, sosial utvikling og naturmiljøet si toleevne. Tilskotsordninga skal vere med og hjelpe fram frivillig sektor sin innsats til ei berekraftig regional utvikling.

Frivillige organisasjonar som mottek tilskot frå fylkeskommunen skal ha ein heilårleg aktivitet, og eit langsiktig perspektiv for sitt arbeid.

Sist godkjende årsmelding og rekneskap og vedteke arbeidsplan/budsjett for kommande år må følgje søknaden.

Fylkeskommunen kan setje vilkår for bruken av tildelte midlar.

Tilskot frå denne ordninga vert ikkje gitt til organisasjonar/tiltak som naturleg høyrer heime under andre fylkeskommunale tilskotsordningar (t.d. ordningar innan idrett og friluftsliv, kunst, kultur).

Fylkeskommunen kan krevje tilbakebetalt tilskot som vert nytta i strid med gjevne vilkår. 

Det skal rapporterast på bruken av det fylkeskommunale tilskotet gjennom godkjent årsmelding/ rekneskap. Det kan setjast nærare frist for rapportering. Det må i alle høve vere rapportert før nye løyvingar vert gitt.

Det gjeld klagerett på vedtak i hovudutvalet etter reglane i lov om behandlingsmåten i forvaltningssaker (forvaltningslova), kap. VI §§ 28–36.

Ev. klage skal sendast til Vestland fylkeskommune innan tre veker etter at søkjar har fått melding om vedtak.