Anlegg

Anleggsutvikling er det viktigaste verkemiddelet vi har for å nå visjonen «fysisk aktiv kvar dag» for folk i Vestland. I fylket er det om lag 7100 aktivitetsanlegg, alt frå små nærmiljøanlegg til store spesialanlegg. Vi vil leggje til rette for fleire nyskapande og innovative aktivitetsanlegg. Målet er at kommunane, lag og organisasjonar kan innby til aktivitetar med låg terskel, allsidig friluftsliv og idrett i alle former. For å gjere det lett for barn og ungdom å vere aktive, bør det vere gratis å bruke fylkeskommunale idrettsanlegg og gymsalar på kveldstid og i helger.