Eksamensinstruks for idrettsfag

Generelt for alle munnleg-praktiske eksamenar innanfor programfag idrett

  • Kandidaten trekk oppgåve/tema 45 minutt før eksamensstart.
  • Vurderingssituasjon: inntil 30 minutt praktisk del og inntil 15 minutt munnleg eksaminasjon knytt til praktisk del, trekt oppgåve og andre kompetansemål.
  • Eksamen kan ikkje gjennomførast med meir enn to-tre kandidatar oppe samtidig i den praktiske delen.
  • I førebuingstida kan du bruke alle hjelpemiddel, også internett og kommunikasjon. Du må sjølv ha med deg hjelpemidla du ønskjer å bruke. I førebuingstida skal du vere på eit eige førebuingsrom. Det skal vere stille på førebuingsrommet.
  • Garderobar er tilgjengelege på alle munnleg- praktiske eksamenar.

I nedtrekksmenyen kan du lese fleire detaljar om sjølve oppgåva og gjennomføringa av dei ulike eksamenane.

Kandidaten trekk mellom to oppgåver:

  1. Ei oppgåve som skal fokusere på dugleik og målretta trening i to idrettar frå kjerneelement idrettar.
  2. Ei oppgåve som skal fokusere på dugleik og målretta trening i ein idrett frå kjerneelement idrettar, samt ei oppgåve frå eit av dei andre kjerneelementa.  

Det blir trekk av idrettar som gjennomførast på dei fleste skular.

  • Kandidaten får ei oppgåve med ein vald idrettsaktivitet* innanfor kjerneelementet aktivitets- og treningsleiing, der generell og aktuell aktivitet skal stå sentralt i den praktiske delen.
  • Kandidaten skal legge fram ein plan for gjennomføring av den praktiske økta.
  • Objekt: Frå 6-12, der det ikkje kan forventast noko ekstra kompetanse av objekt.

*vald idrettsaktivitet = sesongbasert aktivitet i eit gjennomførbart miljø.

Kandidaten trekk mellom 2 oppgåver:

  1. Planlegge, leie og vurdere trening som fører til utvikling av dugleik i ein vald idrettsaktivitet*
  2. Planlegge, leie og vurdere aktivitetar for grupper og enkeltpersonar med ulike føresetnader i ein vald idrettsaktivitet*
  • Kandidaten skal legge fram ein plan for gjennomføring av den praktiske økta.
  • Objekt: Frå 6-12, der det ikkje kan forventast noko ekstra kompetanse av objekt.

*vald idrettsaktivitet = sesongbasert aktivitet i eit gjennomførbart miljø.

  • Kandidaten skal vise praktisk dugleik i spesialidretten sin.
  • Kandidaten trekk mellom fleire ulike aktivitetar for å vise dugleik i meir enn ein aktivitet, samt dugleik i kompetansemål knytt til basistrening.
  • Det blir trekk av aktivitetar som gjennomførast på dei fleste skular.