Kom i gang med forsking i kommunar
Fylkeskommunen jobbar saman med Forskingsrådet, KS og andre for å auke offentlig sektor si bruk av forsking i sitt innovasjonsarbeid. FORREGION Vestland - Kommune er eit nytt tilbod som skal hjelpe kommunane i gong med forsking.
Målet er å hjelpe kommunar med forskingsbehov å finne rett veg til samarbeidspartnarar og finansiering.
FORREGION Vestland - Kommune gir starthjelp
FORREGION Vestland - Kommune er eit nytt tilbod. Her kan kommunar som har forskingsbehov få gratis hjelp av ein kompetansemeklar. Kompetansemeklar kan vere med å utvikle prosjektideen og finne rett forskingsmiljø å samarbeide med. Vi kan også hjelpe med å finne rett finansieringskjelde til prosjektet.
Regionalt forskingsfond Vestland (RFF Vestland) prioriterer kommunar
Vestland har sitt eige forskingsfond. RFF Vestland har løpande utlysing av forprosjekt så lenge det er budsjettmiddel. Forprosjekta skal vere eit innleiande forskingsarbeid som medverkar til å utvikle eit større forskings- og utviklingsprosjekt (FoU-prosjekt) med potensial til å bidra til innovasjon og berekraftig verdiskaping i kommunal sektor og næringsliv i Vestland.
RFF Vestland har eiga nettside. Der kan du lese om fondet og få meir detaljert informasjon om utlysningar frå fondet.
Forskingsrådet satsar på offentleg sektor
Kommunar, fylkeskommunar og verksemder i offentleg sektor kan søke finansiering frå Forskingsrådet for å bygge kunnskap og få fram forskingsbasert innovasjon i offentleg sektor. På nettsida til Forskingsrådet er det god informasjon om utlysingar, råd i søknadsprosessen og prosjekteksempel. Sjå til dømes «19 tips for å lykkes med innovasjon i offentlig sektor»
Forskingsrådet har også nyttige sider om forsking i offentleg sektor, korleis utvikle forskingsprosjekt og gode eksempel.