Fysisk aktivitet

Vi jobbar for at alle i fylket skal ha moglegheit til å vere fysisk aktive kvar dag. Den fysiske aktiviteten blir skapt i kommunane, i lag og organisasjonar. Fysisk aktivitet heng saman med livskvalitet. Ved å legge til rette for aktivitetar med låg terskel, reduserer vi helseskilnaden mellom sosiale lag, etniske grupper og kjønn. Fysisk aktivitet har stor verdi både for individet, lokalsamfunnet og storsamfunnet. Det bidreg òg med å skape sosiale møteplassar i lokalsamfunna i kommunane.