Fekk støtte til å restaurere steinkvelvingsbru – no kan fleire få tilskot

Voss herad har med støtte frå blant andre Vestland fylkeskommune restaurert Oppheimbrua. 1. november er fristen for å søkje tilskot for ti tilskotsordningar for kulturarv.

Steinbru
RESTAURERT: Slik ser den ferdig restaurerte Oppheimsbrua ut, med både stabbesteinar og smijarnsrekkverk på plass. (Foto: Voss herad)

Brua på Oppheim i Voss er frå 1700-talet og var del av den kongelege postvegen mellom Bergen og Oslo. I 2021 måtte brua stengjast for motorisert ferdsle. Då var bogen i ferd med å flate ut, og stein byrja å sige ned fleire stadar.

Steinbru
Slik såg Oppheimsbrua ut i 2021, då ho vart stengt. Bogen var då så utflata at steinar byrja å sige ned fleire stadar. (Foto: Voss herad)

400 000 kr frå fylkeskommunen

Steinkvelvingsbrua vart så demontert, før ho vart mura opp på ny. Arbeidet vart finansiert som eit spleiselag mellom Voss herad, Norsk Vegmuseum og Vestland fylkeskommune, som løyvde 400 000 kroner frå tilskotsordninga for tekniske og industrielle kulturminne.

Denne ordninga og ni andre tilskotsordningar til å ta vare på kulturminne i fylket har søknadsfrist 1. november. Sjå oversikt over alle her.

Bildekollasj med to bilde som syner restaurering av gamal steinbru.
Brua vart heilt demontert før ho vart mura opp att. Kvelvinga vart bygd stein for stein over forskalinga. Det vart brukt både stein frå den gamle brua og erstatningsstein frå steinbrotet i Granvin. (Foto: Voss herad)

Bogen gjekk i lås

Murararbeidet vart gjort av murarar frå Høyer Odda AS hausten 2024. Dei byrja med å merke og plukke ned brua før dei monterte den spesialbygde forskalinga og bygde opp att steinkvelvingsbogen. Då forskalinga vart fjerna, sokk bogen saman og gjekk slik i lås, truleg for eit par hundreår framover.

Bildekollasj med to bilde som syner restaurering av gamal steinbru
Forskalinga vart fjerna i november 2024. Våren 2025 kom stabbesteinane på plass, og i august i år vart smijarnsrekkverket montert på steinane. (Foto: Voss herad)

Desse ti tilskotsordningane har søknadsfrist 1. november