Privatist

Å vere privatist i eit fag vil seie at du på eiga hand set deg inn i fagstoffet og går opp til eksamen for å dokumentere kompetansen din. Vi arrangerer privatisteksamenar i dei fleste fag frå vidaregåande både frå studieførebuande og yrkesfaglege utdanningsprogram to gonger i året. Fristen for å melde seg til eksamen er 1. februar om våren og 15. september om hausten.  Privatistar skal betale eksamensavgift.