Skriftleg eksamen

Når du er privatist, er det viktig at du set deg inn i alle reglane som gjeld eksamenen din. Du må sjølv vite kva hjelpemiddel du kan bruke og kva verktøy du treng for å gjennomføre eksamen.

Hjelpemiddel

På dei fleste skriftlege eksamenar kan du bruke alle hjelpemiddel utanom internett og hjelpemiddel som kan brukast til å kommunisere. Du må sjølv ta med deg hjelpemidla du ønskjer å bruke på eksamen.

På eksamenar i norsk, engelsk og språkfag har du ikkje lov til å bruke omsetjingsprogram.

På denne sida frå Utdanningsdirektoratet finn du informasjon om hjelpemiddel og spesielle krav som gjeld din eksamen.

På denne sida frå Utdanningsdirektoratet finn du brukarstøtte og praktisk informasjon til eksamen.

Hjelpemiddel på todelte eksamenar

På todelte eksamenar kan du berre bruke hjelpemiddel på del to. På del ein kan du berre bruke skrivesaker, passar, linjal og vinkelmålar.

Tilgong til eksamenssvaret etter eksamen

Alle kandidatar kan sjå sine leverte eksamenssvar på kandidat.udir.no. Eksamenssvaret blir tilgjengeleg dagen etter eksamen. Du må logge inn med ID-porten eller med Feide.

Ikkje lenger ope internett

I dei siste åra har kandidatar i sju ulike studieførebuande programfag kunne nytte ope internett under eksamen. Denne ordninga er det slutt på inntil vidare. Endringa gjeld frå og med våren 2023.

Nytt!: I nokre av faga er eksamensrettleiingar og eksempeloppgåver reviderte.

Desse faga har ikkje lenger ope internett:

  • SAM3055 Politikk og menneskerettar
  • SAM3049 Medie- og informasjonskunnskap 2
  • SPR3029 Engelsk 1
  • SPR3031 Engelsk 2
  • SPR3034 Kommunikasjon og kultur 2
  • SPR3036 Kommunikasjon og kultur 3
  • SPR3039 Reiseliv og språk 2

Les meir på Udanningsdirektoratet si nettside

Du kan bruke pc eller nettbrett på dei fleste skriftlege eksamenar. Du må ha med deg den pc-en eller det nettbrettet du ønskjer å bruke. Det er ditt ansvar at du kan bruke utstyret du har med deg, at det verkar som det skal og har nødvendig programvare. Du må sjølv ta sikkerheitskopiar undervegs. Du kan ikkje rekne med å få hjelp til å løyse tekniske problem under eksamen.

Du kan ikkje bruke smarttelefonar, smartklokkar eller andre verktøy som tillèt kommunikasjon på eksamen.

Alt du skriv på pc eller nettbrett, skal du levere digitalt. Du kan levere delar av eksamenssvaret ditt digitalt og resten handskrive på papir. Når du leverer digitalt er det ditt ansvar at du lastar opp rett fil. 

Kva du må kunne for å bruke pc eller nettbrett på eksamen

  • Logge deg på trådlaust nett
  • Bruke ein av desse nettlesarane:Chrome, Internet Explorer,  Firefox, Safari eller Microsoft Edge Browser
  • Bruke eit tekstbehandlingsprogram som for eksempel Microsoft Word eller Open Office
  • Opprette eit dokument
  • Merke alle sidene i dokumentet med kandidatnummer, fagkode og sidetal
  • Bruke spesialprogram der det er aktuelt
  • Lagre dokumentet i rett filformat

Kva må pc-en du skal bruke på eksamen ha

  • Trådlaust nettverkskort
  • Ein av desse nettlesarane: Chrome (versjon 56 eller nyare), Internet Explorer 10 og 11, Microsoft Edge Browser, Safari eller Firefox (50 eller nyare) 
  • Eit tekstbehandlingsprogram som til dømes Microsoft Word eller Open Office
  • Alle program du treng på eksamen må vere lasta ned før du kjem i eksamenslokalet og må fungere utan internett-tilkobling
  • Du må kunne lagre dokumentet lokalt på maskina di, du vil ikkje ha tilgang til skytenester som  for eksempel OneDrive, Google Disk eller iCloud. NB! Vi frårår å bruke Chromebook på privatisteksamen! Om du har Chromebook vil du få problem med å gjennomføre nettbaserte eksamenar
  • Straumkabel

Kva må nettbrettet du skal bruke til eksamen ha

  • Eit av desse to operativsystema med nettlesar
    • iOS versjon 11 eller nyare med Safari, Chrome eller Firefox
    • Android versjon 6.0.1 eller nyare med Chrome eller Firefox
  • Har nettbrettet ditt sim-kort, må du ta dette ut før eksamen
  • Eit tekstbehandlingsprogram som til dømes Microsoft Word eller Open Office
  • Alle program du treng på eksamen må vere lasta ned før du kjem i eksamenslokalet og må fungere utan internett-tilkobling
  • Du må kunne lagre dokumentet lokalt på maskina di, du vil ikkje ha tilgang til skytenester som  for eksempel OneDrive, Google Disk og iCloud
  • Ladar og straumkabel

Lovlege filformat

Når du skal levere digitalt, kan filene dine ha desse formata:

avi, bmp, c, css, doc, docm, docx, dot, dotm, dotx, emf, flv, ggb, gif, h, hlp, htm, html, jpe, jpeg, jpg, js, mdb, mdi, mht, mm, mov, movie, mp3, mp4, mpeg, mpp, odb, odp, ods, odt, ott, pdf, png, ppsm, ppsx, ppt, pptm, pptx, qt, rap, rm, rtf, stw, svg, swf, sxc, sxw, tex, tif, tiff, tii, txt, vsd, wav, wks, wmf, wmv, wps, wri, xls, xlsb, xlsm, xlsx, xml, xps 

Desse formata kan brukast til pakking av filer:

 7z, gz, rar, tar, z, zip, zipx

Alle matematikkfag har todelte eksamenar. På del to av eksamen skal du bruke pc eller nettbrett. Dette gjeld alle fagkodar i matematikk. Du må sjølv skaffe deg dei digitale verktøya du treng for å gjennomføre eksamen.

Matematikk på vg1 yrkesfag 

  • På eksamen i matematikk 1P-Y må du ha pc med rekneark.
  • På eksamen i matematikk 1T-Y bør du ha pc med rekneark eller dynamisk teikneprogram.

Alle andre matematikkfag

Du kan lese om kva digitale verktøy du treng på nettsidene til Utdanningsdirektoratet

Krav om særlege hjelpemiddel

I nokre fag er det krav om å bruke bestemte hjelpemiddel. Du må sjølv finne ut kva som gjeld for faget du skal ha eksamen i. 

Fag med sentralgitt eksamen

Sjå eksamensrettleiinga for faget ditt på Utdanningsdirektoratet sine nettsider.

Fag med sentralgitt eksamen er i hovudsak programfag og fellesfag for studieførebuande utdanningsprogram unntatt Musikk, dans og drama.

Fag med lokalgitt eksamen

Sjå oversikt på VigoIKS sine nettsider.

Fag med lokalgitt eksamen er i hovudsak programfag frå yrkesfaglege utdanningsprogram og programfag frå Musikk, dans og drama.

Her finn du lenke til liste over tilgjengelege nettbaserte hjelpemiddel for skriftleg eksamen:

Nettbaserte hjelpemiddel til skriftleg eksamen

Lista er til ei kvar tid gjeldande og blir oppdatert kontinuerlig. 

Atterhald

  • Nokre av adressene krev at du har lisens. Du har sjølv ansvar for at har naudsynte lisensar.
  • Sjølv om desse adressene er tilgjengeleg under eksamen, kan det ikkje garanterast for at alle lenkar under desse nettsidene vil fungere. Dette kan skyldast årsaker lokalisert til den einskilde nettressurs, og som Vestland fylke ikkje kan påverke
  • Nokre nettsider krev innlogging. Om du ikkje har Feidekonto må du opprette eigen brukar for å logge inn på desse nettsidene. Merk! Dette må du gjere før du kjem i eksamenslokalet. I lista med nettressursar vil du sjå kva adresser som krev innlogging.