For å søkje om fritak frå sidemål må du fylle eit av desse vilkåra:
- Du har ein sjukdom, skade eller dysfunksjon som gjer at du har problem med å greie begge målformer. Du må legge ved dokumentasjon frå sakkunnig. Diagnosen din og kva vanskar du har må kome klart fram av dokumentasjonen.
- Du har ikkje gjennomgått ungdomstrinnet i norsk grunnskule. Du må legge ved bustadsattest som viser at du ikkje har gått grunnskule i Noreg.
- Du fylte vilkåra for fritak får opplæring eller vurdering i skriftleg sidemål i grunnskulen, men på grunn av dokumentert saksbehandlingsfeil likevel ikkje fekk fritak. Du må legge ved dokumentasjon som viser at det har skjedd ein saksbehandlingsfeil.
- Du har fått innvilga fritak frå vurdering med karakter i skriftleg sidemål i grunnskulen. Du må sende inn det gamle vedtaket slik at eksamenskontoret kan registrere det.