Datoar for munnlege, munnleg-praktiske og praktiske eksamenar
Datoar for munnlege, munnleg-praktiske og praktiske eksamenar blir publiserte på sida di på privatistportalen når dei er klare.
Datoane vil vere klare innan 20. mars om våren og 20. oktober om hausten. Du må logge inn i privatistportalen for å sjå dato for eksamen. Om du ikkje finn denne informasjonen i privatistportalen må du ta kontakt med oss. Vestland fylkeskommune vil sørge for at desse eksamenane ikkje vil kollidere med skriftlege eksamenar.
Våreksamen varer frå etter påske til midten av juni. Hausteksamen varer vanlegvis frå starten av november til midten av desember.