Meld deg til privatisteksamen
Skal du ta eksamen som privatist? Er du lærling eller praksiskandidat og skal ta skriftleg del av fagprøva? Du kan melde deg til eksamen i fag frå vidaregåande opplæring!
Det er mogleg å melde seg opp to gongar i året - om våren er fristen 1. februar og om hausten 15. september. Privatistweb opnar 14 dagar før oppmeldingsfristen.
Privatistar skal betale eksamensavgift. I 2021 er prisen per eksamen:
-
1186 kroner dersom du ikkje har bestått faget tidlegare
-
2373 kroner dersom du har bestått same eller tilsvarande fag tidlegare
Du melder deg til eksamen og betaler eksamensavgifta på privatistweb. Oppmeldinga er ikkje gyldig før du har betalt avgifta.
I nokre fag må privatistar ta meir enn ein eksamen. Det er ein fagkode for kvar eksamen. For å få faget godkjent må du ta alle eksamenane i faget.
Informasjon om dei ulike faga finn du her.
Dersom du ikkje finn faget du ønskjer å ta eksamen i på privatistweb, må du ta kontakt med eksamenskontoret.
Informasjon om eksamensdatoar og eksamenslokale.
Eksamen i utland
I nokre særlege tilfelle er det høve til å ta eksamen i utlandet.
Her finn du meir informasjon om ordninga.
Du må sende søknaden til eksamenskontoret. Fristen for å søke er 15. februar om våren og 15. oktober om hausten.