Eg kan ikkje møte på privatisteksamen

Om du blir sjuk på eksamensdagen eller blir hindra av andre uføresette grunnar som du ikkje rår over sjølv, vil du få rett til utsett eksamen i neste eksamensperiode.

Utsetje eksamen til neste semester

Bruk skjemaet du finn på denne sida. Du treng ikkje å dokumentere fråværet. Plikta til å dokumentere fråværet er fjerna på grunn av situasjonen med koronaviruset. Vi refunderer ikkje eksamensavgifta. Utsett eksamen blir i perioden november og desember 2022.

Meld frå innan ei veke

Dersom du var sjuk eller ikkje kunne møte på privatisteksamen av andre grunnar, har du rett til  gratis utsett eksamen dersom du melder frå. Frist for å melde frå er ei veke etter at du hadde eksamen.