Når er eksamensresultatet klart?

  • Munnleg og munnleg-praktisk eksamen: Du får opplyst kva karakter du har fått når eksamen er ferdig. Du skal kvittere for at du har motteke karakter og munnleg grunngjeving.
  • Skriftleg eksamen: Om våren er karakterane frå skriftleg eksamen klare i siste del av juni, om hausten i starten av januar. Sensur frå hausten 2019 vil bli publisert på privatistweb i veke 2.

Klage på eksamensresultatet

Her kan du lese om korleis du kan klage på eksamensresultatet.

Kompetansebevis

Kompetansebevis som vart bestilt frå eksamenskontoret i Hordaland før 15. desember, blir sendt ut i veke to i 2020.