Kva skal du kunne på eksamen

Alle fag har ein læreplan med kompetansemål som skildrar kva du skal kunne på eksamen. Vurderings- og eksamensrettleiiarar fortel deg kva som kjenneteiknar eit godt eksamenssvar.

Læreplan

Alle fag har ein læreplan. I læreplanen finn du kompetansemåla. Det er kompetansemåla som beskriv den kompetansen du skal vise på eksamen. Utover kompetansemåla i læreplanen finst det ingen fastsette pensumlister. Om du lurer på kva læreverk du skal bruke, kan du kontakte ein skule som underviser i faget. Eksamenskontoret svarer ikkje på spørsmål om faglitteratur.

Her finn du meir informasjon om dei ulike faga.