Du kan søkje om tiltak som skal kompensere for ulempene funksjonsnedsettinga di fører med seg når du tar eksamen. Vanlege tilretteleggingar er utvida tid og opplese oppgåvetekst.
Vi kan ikkje innvilge tiltak som vil gi deg fordelar framfor andre kandidatar eller tiltak som er så omfattande at du ikkje blir prøvd i kompetansemåla i faget. Vi kan heller ikkje leggje til rette for å vege opp for manglande kompetanse eller norskkunnskapar.
Du kan lese meir om tilrettelegging i Forskrift til opplæringslova § 9-34.
Vi gjer vedtak om kva tilrettelegging du skal få. Du vil få brev med vedtaket. Om du meiner at vi har gjort feil vedtak, kan du klage.
Hugs at du må sende ny søknad og levere ny dokumentasjon kvar eksamensperiode!
Særskilt tilrettelegging og Safe Exam Browser
Dersom du skal bruke Lingdys på SEB-eksamen må du søke om særskilt tilrettelegging og bli unnateke krav om gjennomføring i sikker nettlesar. Du kan lese om Safe Exam Browser på Utdanningsdirektoratet sine nettsider.Sjekk om din eksamen gjennomførast i sikker nettlesar på kandidat.udir.no.