Klage på skriftleg privatisteksamen
Du kan klage på karakter frå skriftleg eksamen. Klagefristen er 10 dagar. Klage på karakter frå skriftleg eksamen skal ikkje grunngjevast.
Klagesensur er ikkje ein ny sensur på fritt grunnlag. Klagenemnda skal vurdere om karakteren du har fått er rimeleg i høve til eksamensprestasjonen. At eksamenssvaret er noko strengt vurdert, er ikkje nok til å heve karakteren. Du må vere merksam på at karakteren også kan setjast ned.